Karstein Ludvik Våtmyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Karstein Ludvik Våtmyr (fødd 30. juli 1934, død 9. desember 2011) var fabrikkarbeidar og produktutviklar. Karstein Våtmyr hadde størstedelen av arbeidslivet sitt i den lokale møbelindustrien i Sykkylven, sjølv om han voks opp i ein familie med fiskarar. Faren, Alfred, drev fiske i eigen båt saman med sin far, Jens. Etter konfirmasjonen gjekk Karstein framhaldsskuleAure. Etter dette tok han seg arbeid på fabrikk ein periode, før han fortsette på Borgund yrkesskule. Den militære førstegongstenesta utførte han ved garnisonen i Nord-Norge.

I 1954 byrja Karstein ved J.E. Ekornes Fabrikker. Dei første åra arbeidde han i sofaavdelinga, etter kvart kom han med i produktutviklingsgruppa. I PU-gruppa hadde dei eit tett samarbeid med fabrikkeigaren, Jens E. Ekornes. Ekornes var gjennomført industrimann og ville at nye modellar skulle tilpassast dei standardmodulane som fabrikken allereie laga. Det var oppgåva til Karstein og dei andre som arbeidde med nye produkt å presentere dei slik at dei vekte interesse hos kundane.

Karstein var ikkje berre interessert i finishen til møblane, han let seg lett fange opp av arbeidet sitt og sysla også heime med idear til korleis bedrifta kunne føre modellutvalet vidare. Etter at han var med på ei messe i Köln mot slutten av 1960-åra, laga han skisser til ein stol der ein kunne leggje ryggen tilbake uavhengig av setet. På den tida var det ingen norsk produsent som laga ein slik stol. Han laga ein enkel miniatyrmodell som han viste til leiinga ved bedrifta. Dei såg raskt at dette kunne utviklast vidare til eit produkt med stort salspotensiale. Dette var starten på eventyret med Stressless-stolen. Karstein Våtmyr gledde seg over å sjå dei gode resultata som kom ut av den ideen han lanserte kring 1970.

Etter nokre år slutta Karstein i produktutviklingsgruppa, og vart formann i stresslessavdelinga. Lengten mot havet hadde han med seg heile livet, og i midten av 70-åra reiste han ut på trålfiske. Seinare var han innom både Tusvik Møbelfabrikk og Hjellegjerde Møbler før han vart pensjonist og kunne ofre seg for hobbyar og familielivet med base på Nylund på Våtmyr.

Karstein var ein familiekjær og vennesel mann. Han hadde eit godt samliv med kona Ingebjørg som han vart gift med i 1959. Saman fekk dei borna Arnfinn, Bjørn, Ingunn, Kjetil og Per Kjetil.

Kjelde

  • Eldar Høidal: Minneord i Sykkylvsbladet, desember 2011.