Hjellegjerde Møbler

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hjellegjerde Møbler vart etablert i Sykkylven i 1941 under namnet Hjellegjerdes Lenestolfabrikk AS. Det var tre brør Hjellegjerde som bygde opp bedrifta: Otto, Mindor og Ingvald. Dei hadde ansvaret for kvar sin del av fabrikkdrifta. Det var Otto som var ansiktet utover, Mindor heldt orden på økonomi og dokument, medan Ingvald sørga for at produksjonen vart rasjonelt lagt opp.

I 1940-åra var det nesten hundre små møbelprodusentar i Sykkylven, ein kommune som i 1946 hadde 3200 innbyggarar. I løpet av 1950-åra la dei fleste av desse ned verksemda. Eigarane ønska - eller makta - ikkje å ta dei stega som var nødvendige for å rasjonalisere produksjonen og fornye produktutvalet då konkurransen hardna til. Det var berre eit fåtal bedrifter som gjekk vidare, mellom desse var Hjellegjerde. Eigarane av bedrifta hadde dei rette eigenskapane og tok dei rette grepa for å modernisere produksjonen. Då skumgummi i midten av 1950-åra erstatta tradisjonelle fyllmaterial i møblane, var Hjellegjerde mellom dei første som tok det nye materialet i bruk. Bedrifta var også blant dei første som gjorde seg nytte av lamineringsteknikken som gjorde det mogeleg å bøye møbeldelane og gje møblane ei meir elegant form. Bedrifta skilde seg elles ut ved ein oppsøkande og iherdig salsinnsats. Bedriftsleiinga, i første rekkje Otto Hjellegjerde, var sjølv på reiser over store delar av Norge for å vise fram møblane.

Hjellegjerde Møbler konsentrerte seg gjennom alle år om produksjon av stolar, sofaer og andre stoppa salongmøblar. Bedrifta var kjent som ein kvalitetsleverandør, men gjennom konsekvent rasjonalisering av produksjonen greidde Hjellegjerde likevel å halde produkta i midtskiktet når det gjeld pris. Bedriftsleiinga knytte tidleg kontakt med profesjonelle formgjevarar.

Hjellegjerde Møbler måtte stadig tilsette fleire medarbeidarar for å ta unna den auka etterspurnaden som kom frå 1950-åra. Bedrifta trong dermed større lokalitetar. Resultatet var ein bygningsmasse som var samansett av mange ulike påbygg. I 1981 brann store delar av fabrikken ned. Då fikk dei høve til å tenke heilskapeleg for eit stort nybygg. Etter at den nye fabrikken var reist kort tid etter brannen, hadde Hjellegjerde den mest moderne møbelfabrikken i Norge. Det galdt ikkje berre byggmessige forhold. Også maskinparken baud på det mest moderne innan datastyrt produksjonsteknologi.

I 1998 tok Hjellegjerde over laminatmøbelprodusenten Hove Møbler i Stordal. Bedrifta skaffa seg med det kompetanse og kapasitet innafor eit nøkkelområde i moderne møbelproduksjon. Laminerte delar var etter kvart blitt ein viktig komponent i Hjellegjerde sin kvilestolfamilie, ein komponent som på positivt vis skilde konsernet sine kvilestolar ut frå gjennomsnittet i marknaden. Kjøpet av Hove gav også Hjellegjerde Møbler ei noko større produktbreidde. Hove Møbler var godt etablert innafor institusjonsmøbelmarkedet.

Lenge konsentrerte Hjellegjerde seg om norske møbelkundar. Frå ca 1960 til ca 2000 var Hjellegjerde ein av dei dominerande leverandørane til den norske heimeinnreiingsmarknaden. Frå 1980-åra vart innsatsen i sterkare grad retta mot eksportmarknadene og i 1989 var eksportdelen oppe i 17%. Fram til om lag 2000 lukkast Hjellegjerde med å halde stillinga som ein hovedaktør i den norske marknaden, samstundes som eksportdelen auka.

I 2000 starta Hjellegjerde produksjon i Thailand og i 2001 var verksemda drivkraft for å opprette eit produksjonsmiljø for møblar og møbeldelar i Litauen, Lille Sunnmøre i Panevezys. Dette var ein lekk i prosessen med å få produksjonskostnadane ned, for bedrifta byrja på denne tida å merke sterkare konkurranse frå produsentar i lågkostland i si marknadsnisje.

Hjellegjerde var fram til 1997 ei familieeigd bedrift. Då tok familien beslutninga om å omdanne bedrifta til eit børsnotert selskap.

Trass mange omstillings- og rasjonaliseringstiltak greidde ikkje Hjellegjerde å snu den negative trenden. Fram til 2010 var bemanninga ved bedrifta trappa mykje ned og bedrifta hadde flytta ein stor del av produksjonen sin til avdelingar i andre land. Etter ein tung prosess tok hovudeigaren, Møbelinvest Holding - ein av dei største møbel- og interiørleverandørane i Nord-Europa, i 2010 Hjellegjerde ut av børs, og tok over alle aksjane i selskapet. Etter dette vart all produksjon ved anlegget i Sykkylven avvikla.

I 2012 flytte tidlegare direktør for Hjellegjerde ASA, Nils-Gunnar Hjellegjerde, inn i lokala med sitt nye møbelfirma, IMG. I lokala har bedrifta sals-, distribusjons- og produktutviklingsavdeling. Møbelproduksjonen skjer i verksemda sine anlegg i Austen.

Kjelder og litteratur