Ketil Haugsand
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ketil Haugsand (fødd 13. juni 1947) er ein cembalist og dirigent frå Straumen i Inderøy kommune på Innherred.
Han tok utdanninga si i Trondheim og Oslo, og etterkvart i Praha og Haarlem. Seinare studerte han med Gustav Leonhardt i Amsterdam og mottok Prix d’Excellence ved konservatoriet der i 1975.
Frå 1974 til 1995 underviste Ketil Haugsand ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, og frå hausten 1994 av har han vore professor i cembalo ved Hochschule für Musik i Köln i Tyskland.
Ketil Haugsand har undervist i cembalo ved Ringve International Summer Course dei fleste åra kurset har vorte arrangert.
Som utøvande musikar har Haugsand turnert i Europa, Israel og USA, og han har spela inn mange plater.
Ketil Haugsand er far til Hanne Haugsand.
Diskografi
|