Kjeldearkiv:1888-03-12 Brev frå Kleiven til Prestgard
1888-03-12 Brev frå Kleiven til Prestgard | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 12.3.1888 |
Stad: | Vågå |
Frå: | Ivar Kleiven |
Til: | Kristian Prestgard |
Nr. i samling: | 40 |
Samling: | Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 |
Oppbevaringsstad: | Opplandsarkivet |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Kleiven 12/3. 1888.
Kjære Kristian!
Dæ er postdag imorgon og etterdi eg alt har drygt over tvo postdagar sia siste breve ditt kom, lyt eg fulla te-pæls at no. Og så emnar eg på lite ikvell for å vera kvitt idæminste “innledningen” imorgon. – Men um du no skulde ha fåt rå mæ, å kjøpt deg eit bennde sia du skreiv! Ja, da er du no klar, du, da. [...] ukrut øyest ikkje så lett. Men så slå tvert i hel den [...] Ola’n frå Stevns, på min måte! Dæ var [...] mæ di dagboksstykkjom; no held “Otdølen” på å svelt ihel, for eg er umlag einsleg um å halde liv i han og av di slag har eg ikkje så eg sløng sjøl på folkevis. Nei, dæ er skjit mæ al ting “udi disse dage”; mæ samtalelagje vore er dæ au berre skrap; vi minkar ihop års årleg, vi er att berre så eit tjuge, “den faste stok”. Eg, som no er å kalle den einaste te å blåse i brandom, “um eg så sjølu skal segja da”, eg går her sumetier som eit sundt sildhugu, sume tier som ein sta gamp, forrlæst mæ daukjøtt, sume tier som ei eiterkveise og sume tier – ja her slepp “lignamentê” upp for meg. Men mæ slike gebærder er dæ urå å “lede “ nogo; enda mindre å halde kveldskule, dæ siste ha eg meir enn gjenne vilja, men eg har ikkje vore såpas løtta i heile vinter, at eg ha vore kar te di. Berre drøvelse og elende! Mæ “riringen” som han Gamel-Hans Kleiven sa veit du no au korleis dæ både var og er vorte. Ingen annan er te-freds enn Oftedølane, dei går i “stormgang fast så jorden bæver”[1] og han Matias Skard set både rumpa og kaninøyro teværs “paralelt med vertikal-linjen”. “Framgang” – som eg elles, når eg er som mest dannet, kallar “skjetfilla”, bles dæ store litani i siste numre, da dæ kunde fortelja, at bonden og målstrævaren Liestøl var komen inn i råde. Ja kunde han enda vore kar te, å hjelpt målsaken eit steg fram, enda eg trur no så senleg mykje på alle rågjærer av statsstyre i den vegjen. Men dæ er fult for, at vi målmenn har ikkje mykje å vente os av Liestøl, er eg rædd for. Og så vil Bjørnson kaste laust att no, og koma som han Asa-tor mæ sleggjun i høgste være å klistre skjelte på os dumme, “tåpelige” målmenn, O. Tommessen og Huseby er mæ og er Tjalfe og Røskva[2]. Jagu fær oss på tangjin, nå! Men så har vi “landets bedste pen” uppå Kolbotta[3], og ubrukt lægg han ikkje den frå seg no, dæ kan danskekrokane lite på.
Dæ ser elles [...] svart ut mæ målreisningen; eg fær meir og meir den overtydinga, at vi lyt gå inn på eit “kompromis” mæ danskemåle på ei eller annor gjær – “Aktierne” hans Knut Knutsen stig årleg og “normalmåle” sig, slike er umstøune. Ein skulde vente etter alt, som folkehøgskulane har stræva for målsaken og etter alle di målkursom, som har vore halde di siste åra, at dæ no var ein såvidt stor læsarkrins utover lande, at bokhandlarane fekk sælt målbøk. Men nei – målbøk vil dei ikkje sjå eingong, på deim er dæ berre tap å få. Den røynsla eg har fåt upatfriska no i siste tiom. For meinar du ikkje eg fekk brev frå tingmann Blekastad her ein dag og han spurde etter ka eg vilde ha for, at han fekk oversetja “I gamle dagar”! Han budde ilag mæ bokhandlar Dahm og ve eit tefelle ha dei kome på prat um boka mi. Ha ho vore på dansk, så ha Dahm meir enn gjenne vilja forlagt, men på måle, nei! di bøker læs ingen, sa han. No, eg svara no Blekastaden, at eg vilde ikkje gjera upbu (fallit) i målvega før eg vart nødd te di. Dette fær da vera “unter uns gesagt”.
Trast baketter fekk eg endeleg svar frå Seippel; å kor du blaksa mæ øyrom no, tykkjes eg sjå! Ka sa han? Vilde samlage ta boka? eller ha han fåt ein annan forlæggjar? Ja [...] veit både dæ eine og dæ andre, men eg skal repetere skrive hans. Boka las han ut sjøl i julhelgen og deretter senda han ho åt professor Moltke Moe som er den kunnugaste han vitste her i lande i slike ting som gamle sagn og sogur. Da så di tvo karane ha granska boka i kross og krok både på tvert og lengst etter fann dei, at ho “i dæ heile var slik, at samlage laut vera væl tent mæ, å ta imot henna”. Men særleg var dæ eit og anna, dei ikkje tykte um. Fyrste stykkje, um E. Storm, tykte dei høvde ikkje ret væl i ei sagnsamling, men dei trudde, at dei seinar kunde få bruk for di i ein “Lauvdusk”[4] eller ei annor slik samling. Di gamle breva tykte dei hell ikkje dei ha bruk for, dei høvde betre i ei “skuletidende” sa dei. Men “innleiinga” åt di bolka: “gamle brevsaker” roste dei meg fælt for, den skulde eg gjøyme på og bruke i ein annan samenhæng. Bolken um “skjyttare og kjempo” tykte dei ha vorte væl drug og lang og dei vilde få lov te, å stytte på den å skjera burt nogo her og der, dersom samlage skulde bli ve ho. Men da eg “førde ein grei og klår stil (kanhenda væl mykje “literær” sumesta, meinar Moe) vil dæ vist ikkje bli stort me kjem te å brigde”, trur dei. “Sume av segnine i avdeildinne: “ymse sagn” og “hulder o. s. v.” er reint utifrå vel fortålde”, og da Seippel og Moe er einuge trur han, at di andre i styre ikkje vil ha nogo å segja imot. Di former eg har brukt som er i bruk lenger ut i bygdom, “sola” for solê, “hesta” for hestê (dativ eintal) og “berga” for bergjê (dativ fleirt. inkjek.) vilde dei eg skulde føre attende åt di særeigne Vågeformer. Skulde Vågemåle “normaliserast” låg Åsens form nærar (?) sa dei. Endeleg betalte dei i honorar frå 15 – 25 kronor arke. Ja så sa han. Ve å gjennomlesa breve såg eg trast, at dæ stræve eg ha havt mæ å få “I g. d.” te å bli eit sannfærleg bilæte både av tien og deim eg ritsa av, dæ ga dei derinne ein svarte [...]. Dæ dei brydd seg um dæ var måle, så rein dialekt som moglegt. Og så ha eg vorte for-langdrug! Eg svara deim, at eg var viljug te, å ta att både “E. Storm” og “gamle brevsaker”, bau te, å arbeie um at tvau stykkje som eg sto ve kunde knipas inn nogo forutta dæ vart te skaes for sjølve innhalde, peikte på nogre ting te, som eg gav dei lov te stytte lite og endeleg gav eg dei mæ ein djup suk lov te å struke dei banningune, som dei fann var for-grove og lova ut å kaste di sør-gudbrandsdalske namnorsendingo. Men elles kunde eg ikkje gå mæ på, å gjeva deim frie hender te å korte inn som dei fann forgodt. Eg sa dæ, at eg tvilte ikkje på at ei slik “beskjæring” vilde bli te vinning for boken i målmenns – språkmenns – augo men dæ er visse ting i slike bygdafortellingo som dæ ikkje går an brigde og som berre den “innfødte” har øyra og auga for. Kunde dei ikkje ta boka mæ di avslagje eg ha gjort så ba eg um, at dei vilde sende meg ho attende trast, for at eg kunde få sett ho um at på eit slags austlandsk normalmål, da eg vitste, at dæ ikkje nytta å bjo ein bokhandlar eit arbei på dialekt. Ka dei no gjerer ve dæ veit eg ikkje; truleg fær eg att heile smørja, dæ er trast 14 dagar sia eg skreiv att og mæ ein av fyrste postom fær eg truleg svar.
Av alt, som Seippel og Moe ha å anke på fann eg ikkje meir enn ein ting, som ha nogo sanning i seg og dæ var dette, at eg sumestaer har vore væl langpratandes. Dei ha rett i di, og såleis fekk eg eit peik der, som vil koma meg tenyttes um eg lyt føre boka over i eit anna mål.
Ånei, dæ er ikkje greidt å vera bokskrivar skal du sjå når du kjem så langt, at du skal gjeva ut detta store verke du lægg utur deg um i siste breve. Dæ skal fulla vera eit slag “skabelse menneske og Messias”[5] dæ er von; å jau, einkvart bli dæ no før dæ sluttas, eg tvilar ikkje på dæ. Eg har no etla meg te, å ha ståande ei tom hylle ferug i bokhyllun eg, te boka di kjem kvafor eit herrens år dæ så bli.
Arbeie mit um dagarne er bokbinding; no har eg truleg gjort dæ haraste mæ di og så vil eg te å arbeie up ein del turistrandsler; eg gjorde nogre ifjor som eg selde og no skal eg ha ein på ein “husflidshandel” i Xania te prøve. Dæ kan ikkje vera umoglegt anna, enn eg kan få levere nogre dusinge der, dersom dei likar arbeie. Jau eg er gut som er etter fortenesten! Alt og ingenting! 20 handverk og 19 ulykko! Nei dæ eg skulde “slå på” dæ var å riste dufta av skråsolom mine, spytte i Bjørnsons fortællingo og al romantik og så setja kåsen beint over “blåmyra”. Men eg er så innivafsa inni nota, løva eg er, at kjem dæ ikkje ei mus, antel dæ er langrump- hus- skog- eller vatsmus er sama, og skjær meg utur klåsom[6], så bli eg liggjande i åvelt mæ hugue unda bakka te einkvar gongen.
Endeleg er “Vossastubbane” komne! Hå, dei ylde ende uppover seg da eg las deim førre laurdagen i samtalelagje. Vossastubbane og han Imbert kolkjørar etter Østgård[7], er dæ mest innverkjeleg nasjonale i forteljingsmåte og orlag vi enno eig.
Gruelegt kaldt heruppe over 20º føre sol og etter! Kva ti kjem du heim eller kjem du ikkje? Helsing frå alle på Kleiven!
Og dermed punktum.
Din
Ivar.
Knudsen skreiv åt meg mæ førre posta og kom mæ eit dokument åt lensmann Østmo, som skulde vera grovt flirande.
Fotnoter
- ↑ Frå diktet "Nordmandssang" av Simon Olaus Wolff, også kjent under førstelina "Hvor herligt er mit Fødeland", først trykt i Hermoder i 1823, seinare m.a. i diktsamlingar 1833 og 1838.
- ↑ Bondeson og bondedotter som følgde Tor på ferda til Utgard.
- ↑ Arne Garborg.
- ↑ Lauvduskar. Samling av ymse Smaastykke. Utgjevne av Det Norske Samlaget i seks delar frå 1867 til 1887.
- ↑ Diktverket Skabelsen – Mennesket – Messias (1839) av Henrik Wergeland.
- ↑ Etter ein fabel av den greske diktaren Æsop (500-talet f.Kr.).
- ↑ En Fjeldbygd (1852) av Nikolai Ramm Østgaard.