Kjeldearkiv:1889-05-15 Brev frå Prestgard til Kleiven
1889-05-15 Brev frå Prestgard til Kleiven | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 15.5.1889 |
Stad: | Seljord |
Frå: | Kristian Prestgard |
Til: | Ivar Kleiven |
Nr. i samling: | 58 |
Samling: | Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 |
Oppbevaringsstad: | Opplandsarkivet |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Brølaus 15de mai [1889].
Kjære Ivar!
Neiggu, ho kjem ikkje, og ikkje kjem ho held. Det er pålag 3 viku no sia fylgjesetelen kom; men skreppa? Å nei ho er væl burte, beiste. Anna Sveinson ha skrivi åt postkomptore i Skien; men der ha det ikkje fare forbi noko purkehus, og igjår skreiv ho åt Xania. Fins ho ikkje der held, so må ho betterde liggje nori Vågemo hjå om Einar – og alder ha kome av flekkje. – Å ho spørst no væl upp att, når det lid frampå somaren.
Ikkje fordi det har slik brennande bråhast; det blir nok ingor reise av med meg i mai. Hellest ha det berast vonoms med denne djæfvulske podagra au no. Laurdan var eg kav uppå Vallarfossen og såg på, timre’ stupte hugustup utover, og sundan sleiva eg med ein heil hop “håbefuld ungdom” uppi Gravegjuve (held ka [...] det no heite). Det var med slik ei grusa frøken, måta – Tora Lund frå Høland, syskenbone hans Hjalmar, at eg var ikkje kar til halde meg [heime] enda det var etter den reglementmæssige tid, eg skal vera ute. So skulde eg gjera eit mesterstykkje da, og syne, at eg var no ikkje berre podagra eg held – skulde lyfte upp ein stein på mindst 7 skålpund, gå utpå brue og kaste ned i fossen til fælles uppbyggelse, og – jauggu mi liv og sjæl rauk ikkje smalryggen tvert åv, det gjord’n, so eg laut sleppe stein der eg tok’n. – Det var våga, eg var so forelska, at eg tok i for kvast. Men slik går det stødt med meg; når eg har det som heitast so slær elsken seg anten åt smalryggje held åt kneom. Det var med arme nøn eg kom ne att – og sia ha eg gått her stiv som ein staur. – Jau eg ranka upp åt doktore i gjår lell og fekk betyg for stive bakbein og åvbrote rygg, og den senda eg idag åt kaptein Harboe, og sa at det vart ikkje an’ rå held dei laut freiste greie seg meg forutan på Jørstadmo isomar. – Hellest ha det vore basen når eg kunde krakt uppå mon til den 21. so kanskje vørte eg fri alt saman. Ja det blir ei langvurug greie. –
Når eg hadde rakna ved meg sopas frampå somaren, at eg kunde rangle norover, tenkte [eg] å liggje roleg på Stålom held ved Buin og ni’lesa resten av somaren; men igjår sa doktoren, at eg istanfor fjellluft borde ha havluft og salt laug av og til, og han vilde rå meg til å draga ut til kysten ein sta og slå meg til i ein lo’shamn. Å ja det skulde ikkje vore meg imot det, neimen skulde det ei; men kan eg ikkje få snusa upp ein billig måte å koma frå det på, blir det nok ikkje noko av, kusser.
Jau det ha vore væl og bra alt no, når eg berre kunde arbeidt noko meir; men lesa og skrive er meg so forbode, at det er ikkje tilbjo’ande. Det er, som det ha grauta seg alt saman inni skolte mine. Det er nok den åndelege vårknipa som ha hjæmsøgt meg; skulde ho berre ikkje bli “permanent”. Hjelpe meg blir eg ikkje so gjenomtrakkandes dum at eg kan ikkje eingong snakke til dagleg bruk. Eg kan ikkje få til en halv sætning med sopas fornuft i, at det er vert bry kjeften.
No stulla vi einslege her på gare. Eg, Botnen og ho Gudrun, syster hans i kvar sit rom på overhuse og han Targej Galteland neunder. Han er ein glup gut han Targej – når ein da fyrst kjem inn i han – ein av dei beste eg ha treft. Me[n] vi var ilag mest tvo somre utan å bli viare bussere.
Vi vart ein dag forlikte um, at han skulde gjera seg ein sleng uppigjenom dalane åt våre kongerige, når han er færug på Gråten sist i juli. –
Vakkert i Siljord no. Grønt i grønt, og våronne er langt kome. Bjørkelauve stort som so. Stor syttendemaifest iovermorgo på kommunehuse.
Skriv no eit ustyggeleg stort brev på timen.
Helsing åt deg og alle i hus frå
Xian.