Kjeldearkiv:1890-00-00 Brev frå Kleiven til Prestgard
Hopp til navigering
Hopp til søk
| 1890-00-00 Brev frå Kleiven til Prestgard | |
|---|---|
| Informasjon om brevet | |
| Dato: | 00.00.1890 |
| Stad: | Vågå |
| Frå: | Ivar Kleiven |
| Til: | Kristian Prestgard |
| Nr. i samling: | 69 |
| Samling: | Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 |
| Oppbevaringsstad: | Opplandsarkivet |
| Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
[1890?]
Kristian!
Gjer meg den tenesta og legg inn til utdelings dei medfølgjande «Otdøler». Å, eg kan ikkje koma laurdag heller eg! Fær ikkje tider – både eg og Iver riv og slit av alle krefter for å få ferdugt utstellings-næverarbei åt Kristiania og Gjøvik! Har du råd med å sende attende «På Guds veie» – Anne Stokkestad m. fl. riv meg nære sunn etter’n og døkk Heiddøler veit eg no har fått boka sjølve. – Årsaka, at du ikkje har fått kniven førr – vi brukar kvar sin og skjer næver med, eg og han Iver, ser du.
Men kan du ikkje koma hit no ved helgleite – eller har du likeså hardt um tider, som eg? Sjå på næverarbeiet? Trykkjing av Otdølen? hm!?
Ivar.