Kjeldearkiv:Andris Skogstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen er om spelemannen Andris Skogstad (1812-1895) frå Vang i Valdres, og er henta frå O K Ødegaard si bok Gamalt fraa Valdres V, Nikolai Olsens boktrykkeri, Kristiania 1921. O K Ødegaard er her på besøk hjå eit gamalt ektepar på Grihamar som fortel.

Andris Skogstad

Um e kjende gamle Skogsta'n?

O ja du kan tru e kjende han, ja han spelemann daa. E va smaagutt e, daa han va paa sitt likaste te o laate, o e sto me sjele gøtt me' hono me', so e fekk veta eit o anna um'n, so kji alle fekk veta. Ja han va spelemann, kan du tru; men de' va snaut nokon so fekk sjaa, at han tok paa fela. De' va mest ner'n sat eileine inni klæva si, o so um netadn, han strauk paa fela. Men e, so smaagut va, o so han likte gøtt, fekk stundo væra inni hjaa hono o daa stiltn fela o tok enkort strekke o so kunna'n seia: «So tek Krosshaugen! — So tek Hansegarn! So tek Søynin!» Men so kom daa vonle sjølve Skogsta'n! —

Han fortælde me, at han taa ein ællgamal spelemann hadde faat den raae, resso han meinte paa bli spelemann, o go spelemann, skulde han ta fela si o gaa burtunde ein føss o stelle fela o laate ette føsse. De' gjorde'n. Han tok fela o sætte se burtve' Yljeføssn o stilte fela o sætte se te o laate. O han let o let ei lang ri'; men teslutte tok'n te o synast, de' vart reint fælt. De' let i kapp me' føsse o villare o villare vart spele, o so vart'n so rædd, at han sprang heimatt te Skogsta' so ein helvgalin mann. — Men ha'n kunna halde ut, sa'n, so trudde han, at de' ha vørte noko te spelemann taa hono. Han hadde likevel faatt uppkaste, o de' vart nok sagte spelemann! De' va kji so mykji um o gjæra me', kosst fela va, men de' va strengjidn de' va um o gjæra me', o dei laga'n se te sjøl. E va øfto me' hono, e, o sveiva, ner'n snudde se te felestrængji. Men ner'n hadde faatt strængjidn te, so han vilde, kan du tru de' lét. —

Han spelte alder ein laatt, so nokon dansa ette, endaa de' va nok danselaatte innimyljo. Han sulla o let før se sjøl. Va de' o dagan so stængde han se inne. Men ner den rie kom paa'n, so sto han gjedne uppatt mitt paa nattn o sætte se te laato. Daa va de' heldan kji længji, før dei støndo uppatt hene følke paa gare me' o ga se te o staa, gjedne i berre sjurtun — burtme' stogovegge før o faa høyre spele. Han va gjift Skogsta'n o hadde 3 gjentebødn. No raakte de' jamt o samt, at kjeringe gjorde'n sint. Men daa sa'n alder noko. Han strauk aat klæva o tok fela fatt, o daa va de' kji længji, før han hadde gløymt kjeringen, o før kjeringe hadde gløymt, ko hona hadde tirra'n me'. — Han kunna daa gjedne sita laate heile dagen, um de so va mitt i heitaste slaattønn. —

Ei gong Sjaaheimen kom te Skogstad dragand me' felun seno, laut han spela aat gamle Skogstae, o daa fekk Sjaaheimen ein dalar i drykkjipæing hjaa gamlinge. «Men kofør ga du Sjaaheime spelepæing?» va de' ein so sporde. »Han va de` ærle værd,« sa Skogsta'n. —

Daa han Ola Bull reiste her laut likevel Skogsta'n strjøke paa fela aat hono, men inkji før han Ola Bull okso hadde øfna paa feleskrine sitt. Um Skogsta'n lærde noko taa hono Bull kan vel væra usikkert; men han Bull`n sa, at han lærde noko taa Skogstae. Andris Andrison Skogstad e' fødd i 1812, døyde 4. mars 1895.


(Hjå Andris Skogstad, soneson til spelemannen) No va de' paa ti'n o bea velleva me' dei rauste verte paa Skogstad, han Andris, so e! kalla upp att ette gofa seno, spelemann va. — Han har de' støtt o stændigt so trabelt, han Andris Skogstad, baade ner'n ska prate ve' ein o ner'n ska fare me' o arbeie. Men han hadde løvt me so mang eigong, at e skulde faa sjaa den sisste fela, so gofa hass spelte paa, o skulde de' nokar gong bli, so laut de: bli no. — Han hadde fela innlæst i vessle klæva sye stogun, sa'n. O dit laut de' daa bæra.

No synte de' se, at han Andris hadde de' paa sama gjerde so gofa sin: De besste han hadde, læsste'n inn i klæva. — Ein skulde kji tru, at mann paa Skogstad va den so kanskji taa allo Uppdølo, ha vøre go' te o agta mest paa gamle o fine eigedeilde, der so de' ha reke o halde te so mangein, so før meir enn mindre ha vilja tusska se te eit enn anna taa desse, so mykji attaat e' reint makalaust.

Men han Andris, han ha hatt de' ette far seno, so va son aat Base o ette spelemanne — gofa si, at de' va rettast o læse inn slekt i klævin. Daa ha'n vøre trygg — o før de' ska'n ha baade takk o ære.

— Ja de' va inkji mindre enn 3 gamla felo inni klæva o den eine va daa den sisste, so gamle Skogsta'n hadde spelt paa. — E har kji noko vet paa felo; men de' va likeso e høyrde de' underle spele burtunde Yljefosse daa e tok fela i hønde. — De' rann me i hugen, at de' va vel so vetogt o læta engon ta i fela o ei o an gong ta eit strøk paa'n me' o so ha hona gøymd i klæva, so den maatin fela hass Ola Bull e' gjøymd paa i eit glashus, so inkji ska øffnast, mindre enn han John Lund e' te steis, — han so ha fønne paa o læggji se te o døy før mange aar sia. — Men de' va anna enn dei 3 feludn i klæva. Snusflæske ifraa 1713, ljøsstaka ifraa 1609, so ha høyrt Tømmeskjyrkjun te, gamle skaap o gamle stola, gamle sylvstaup o bølla o mykji anna. Eit heilt lite museum, so ha faat løv te o væra der, de' rettele høyre heime.

No kunna de' kji væra nokon skae ve', um smaagjentudn hass Andris ga se te o pynte o pusse lite paa noko taa desse o sæta upp o ordne de' slek, at kor o ein ting taa desse likeso kome meir te sin rett; før daa vilde den vessle klævin bli likeso mykji værd so heile Skogstad. Skulde e teslutt koma me` eit ynskji, so e' de' de', at ingjin eigar taa Skogstad maa sleppe garn or hendo, før den nye eigarn ha førbønde se se o passe vel paa dette gamle o alder la de' gaa taa gare.

— O no staar biln venta, o e stryk min veg.

/ av O K Ødegaard