Kjeldearkiv:Brynjar Svardal: Kvinna i berghola på Rimma

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brynjar Svardal (f. 1940) sin artikkel om Sigrid Moen (1902-1952) blei trykt i Floraminne. Årsskrift 2012. Den fortel om motstandsarbeidet hennar i Bergen under andre verdenskrig, om flukten til Voss og til gøymestaden i ei berghole i tidlegare Eikefjord kommune frå våren 1944 til krigen var over. Publiseringa av artikkelen er godkjent av Brynjar Svardal.

Brynjar Svardal: Kvinna i berghola på Rimma

I kveldsmørket hausten 1944 går to unge kvinner med vaktsame blikk ned til Hegrenes mølle i Bergen. Dei kjem frå Neevengården sjukehus der dei begge har arbeidet sitt. Ved kaia ligg ein mjølfraktebåt frå Florø som dei tek seg om bord i, og stikk seg stille vekk i lasta. Dei har avtale med skipperen om å få bli med nordover dersom dei har med seg dei naudsynte papira som okkupasjonsmakta krev ved ein eventuell kontroll. Den eine har fortalt at ho skal heim til Medvatne i Redalen ved Førdefjorden for å hjelpe til på garden. Ingen veit at ho har eit anna og langt meir dramatisk ærend. Ho må finne ein gøymestad til kvinna ho reiste saman med, og som i angst for å røpe andre må komme seg bort frå Bergen for å gå i dekning på ein stad der ho kan få mat og hjelp og kjenne seg nokolunde trygg. Ved midnatt reiser dei frå Hegrenes mølle og går leia nordover gjennom Straumane. Alle husa er mørklagde, og landskuggane er mørke og nifse. Kva ventar dei bak neste nes? Men lukka er med dei, og båten dunkar roleg nordover utan dramatikk av noko slag. På ettermiddagen legg dei til lands i sentrum av Florø der båten skal levere mjøl til butikkane. Før dei vågar seg i land, får dei eit tite vink frå skipparen om at det er klar bane utan soldatar i nærleiken. I Strandgata innover mot busshaldeplassen blandar dei seg med dei handlande før dei tek rutebussen til Eikefjord.

Bernt Rimmen har bedt brorson sin, Karl Rimmen, og svogeren hans, Odd Kvamsås, om å hente kvinnene i Eikefjord. Dei ror kvinnene over til Rimma der Bernt tek vel imot dei. Frå Rimma ror Bernt inn til Sunnarvika med ho som skal heim til Medvatne. Dei går til Vasset der Bernt låner båt og ror henne over Vassetvatnet til Svardal. Søskenbarnet hennar, Bertel Svardal, går seine kvelden over fjellet saman med henne, slik at ho er kommen på plass heime på Medvatne då «Bergensbåten» fer innover fjorden. "Dermed var mi dekkhistorie klar," fortel Jannike Hundvebakken. Ho fortel at det var arrestasjonane av motstandsfolk i Bergen våren 1944 som var årsaka til at angsten for å røpe andre tok Sigrid Moen. «Eg må komme meg vekk, for eg veit så mykje», sa ho, «og dersom eg blir avslørt, veit eg ikkje korleis det vil gå.» Også andre ho var knytt til, vurderte situasjonen slik at Sigrid måtte komme seg vekk, seier Jannike, og nemner at kvinner i NS var på sporet etter henne. Seinare var to kvinner på Rimma for å undersøke, fortel ho.

Sigrid Moen, f. 1902, var dotter av Ragnhild Andersdotter Flatlandsmo og Knut Nilsen Fenne på Voss. Mor hennar gifte seg med Aslak Olsen Istad, dei busette seg på Istad der dei tok over ein gard. Våren 1944 flykta Sigrid til Istadstølen og gjekk i dekning der. Ho fekk hjelp av morfar sin og av Jannike som reiste frå Bergen til Voss og ordna med mat og anna som Sigrid hadde bruk for. Janikke fortel at Sigrid gøymde seg i høystålet når ho meinte det var fare på ferde, og då la ho dokumentmappa over bringa i fall soldatane skulle finne på å renne bajonettane ned i høystålet. Med tyske soldatar stasjonert i militærleirane på Voss, og med kommande vinter, vart nok denne gøymeplassen for utrygg. Janikke hadde høyrt at einkvan i Eikefjorddalen tok imot slike som hadde behov for å gå i dekning, så ho kontakta bror sin, Bernt Rimmen, på Rimma i Eikefjord. Bernt forsto alvoret, og var ikkje redd for å hjelpe. Bernt hadde funne ei hole i urane oppe i lia under Vikanipa der han meinte at Sigrid kunne gøyme seg. Ho oppheldt seg for det meste der den tida ho var på Rimma, men om natta gjekk ho ofte ned til huset og fekk ordna seg med mat på kjøkenet. Slektningar som overnatta hos Bernt, fekk seg ein god støkk då det midt på natta kom ei kvinne til gards og tok til å romstere på kjøkenet. Det vart og fortalt at ho fann ei hole bak ein liten foss ved garden. Der kunne ho gøyme seg dersom det sto om.

Sigrid fekk god bruk for gøymeplassane sine, for fleire gonger kom det framande til gards for å undersøke. Ein gong kom dei då Bernt heldt på å kinne. Han fekk dei bort ved å stikke til dei ein smørklatt frå kinna, fortel Jannike. Midt i mars 1945 føretok tyskarane rassia på Rimma, og då heldt det på å gå gale. Torfinn Sunnarvik hugsar rassiaen. Han fortel at det kom båtar frå Florø og tok til lands ved Porsemyra. Dei arresterte Martin Sunnarvik på grunn av at dei fann dynamitt på garden hans. Han måtte bli med til Florø, men vart seinare sett fri. Men Bernt oppdaga tyskarane, og fekk varsla Sigrid som var inne i huset. Bernt møtte tyskarane i grinda, og fekk heft dei der til Sigrid var kommen i sikkerheit, fortel Torfinn. Jannike høyrde og om denne hendinga. Ho fortel at tyskarane fann eit forkle på kjøkenet og ville vite kva kvinnemenneske som budde hos han. Bernt spela truskuldig og svara: «Det kom eit kvinnfolk hit etter bombinga av Laksevåg, og eg tok henne i teneste, men så reiste ho ut att til Florø, og sidan har eg ikkje sett henne», fortel ho. Det verka så truverdig at tyskarane reiste utan å undersøke noko meir. På butikken kommenterte folk at Bernt handla meir og annleis enn vanleg, men Bernt visste å parere; det var hunden som var blitt så kresen at han måtte kjøpe litt ekstra god mat til han. Sigrid overlevde siste krigsåret i berghola på Rimma, og tok oppatt arbeidet sitt på Neevengården sjukehus då krigen var slutt.

Seinare vitja ho Bernt Rimmen fleire somrar, fortel Torfinn som rodde henne frå Sunnarvika til Rimma mange gonger. Lagnaden til Sigrid vart likevel tragisk, for på veg til arbeidet sitt på sjukehuset 11. januar 1952, vart ho påkøyrd av ein buss og miste livet, fortel Jannike. Ho vart gravlagt på Voss, og Jannike reiste dit og var med i gravferda. Torfinn fortel at det var ei stor sorg for Bernt då han fekk høyre at Sigrid var gått bort. Vi har rimeleg god kjennskap til kva som hende i Bergen i 1943 og1944. Tyskarane var svært aktive med å rullle opp motstandsrørsla på Vestlandet, og bakgrunnen var likvideringar i Bergen, sabostasjeaksjonar, Nordsjøfarten og radiooperatørane på kysten.

I 1943 vart delar av Milorg (motstandsbevegelsen sin militærorganisasjon) i Bergen avslørt av tyskarane. Mellom anna vart sjefen for Miilorg, seinare generalmajor Mons Haukeland, arrestert og send til Sachsenhausen i Tyskland. Den illegale avisa «Norsk vilje» i Bergen vart og avslørt tidleg i 1944. Journalist og forfattar Ragnar Ulstein, f 1920, seier at han tvilar på at Sigrid Moen tihøyrde Milorg. Han ville å så fall truleg ha fått kjennskap til henne då han organiserte Heimefronten i Sunnfjord og Nordfjord våren 1945. August Rathke, f 1925, var sentral i den kommunistiske motstandsrørsla i Bergen og var byrettsjustitiarius der etter krigen. Han fortel at Saborg (kommunistisk sabotasjeorganisasjon) vart avslørt våren 1944. Erling Jørstad og Ingolf Knag som var i etterretningstenesta, vart arresterte 9. februar og sende til Tyskland. Å finne ut av Sigrid sin eventuelle plass i organisasjonen no så lenge etter krigen ser August Rathke på som svært vanskeleg, for ikkje å seie umogeleg, då dei fleste i motstandsrørsla som kunne hatt kjennskap til henne, er gått bort. Ho kan ha arbeidd som «postkasse» og samla inn opplysningar som var viktig for dei alllierte i London. Slike opplysningar vart formidla frå Bergen til Oslo, og vidare derifrå til Stockholm, fortel han. Han meiner likevel at det er underleg at ho ikkje kontakta organisasjonen dersom ho var med i Saborg og følte så sterkt for å gå i dekning. Organisasjonen hadde ei rimeleg sikker fluktrute både til Sverige og over til England. Han kjende ikkje til Sigrid, men dersom ho var med i Saborg, fortel det berre at systemet med celler – der færrast mogeleg skulle vite om kvarandre - verka. Morstandsrørsla var organisert slik, seier han.

Under arbeidet med å finne ut av Sigrid si historie har eg vorte kjent med at legar på Haukeland sjukehus hjalp folk som var komme i søkelyset til tyskarane, ved å skrive dei inn på Neevengården sjukehus der dei spelte mentalt sjuke. På spørsmål om ho kjende til ein namngjeven mann som spelte sjuk, svara Jannike: «Å ja, det var overlegen som hjelpte han». Det måtte såleis vere samarbeid mellom fleire på dei to sjukehusa. Kanskje opererte helsepersonellet som ei lokal motstandsgruppe. Sigrid var busett i Edvardsens gate i Sandviken, fortel Jannike. Saborg hadde dekkhusvere i Repslagergaten som ligg like ved. Ho flykta frå Bergen straks etter at Erling Jørstad og Ingolf Knag vart arresterte, men i arkiva finn vi ikkje noko om at ho då var etterlyst, eller at ho seinare vart det.

Kva Sigrid Moen arbeidde med under krigen, var nok hemmeleg både under og etter krigen. Jannike fortel at ho likevel fleire ganger vart send avstad for å hente inn opplysningar til Sigrid når det hende noko i Bergen. Ein svart hund kom av og til opp til gjerdet ved sjukehuset med ein lapp i kjeften for å levere den til Sigrid. Etter krigen vart det i Eikefjord fortalt at Sigrid hadde radiosendarutstyr og kommuniserte med England. Dersom ho sto i radiokontakt med dei allierte, ville det vere svært merkeleg, seier både August Rathke og Ragnar Ulstein. Begge opplyser at alle radiosendarar og operatørar var registrerte hos dei alllierte, og i det registeret var ho ikkje. Jannike meiner ho ikkje hadde med slikt utstyr frå Bergen. Då er det meir truleg at ho hadde radio og kunne halde seg orientert om det som hende. Sigrid hadde ikkje etterkommarar, og slekta hennar veit ikkje noko om kva oppdrag Sigrid hadde i motstandsrørsla. Det veit heller ikkje Jannike eller andre privatpersonar eg har vore i kontakt med. I offentlege arkiv finst ingenting. Men skal ein våge seg til med ein teori ut frå det som vert fortalt, kan ein kanskje gå ut frå at ho arbeide som «postkasse» og informant for motstandsrørsla i Bergen, og mest truleg også for ei lokal gruppe motstandsfolk og hjelparar som bestod av legar og andre på Haukeland og Neevengården sjukehus

Takk for hjelp og informasjon går til:

  • Lars Borgersrud, Oslo
  • Oddrun Bryn, Voss/Bergen
  • Jannike Hundvebakken Mevatne, Bergen/Eikefjord
  • August Radhke, Bergen
  • Karl-Arne Rimmen, Eikefjord
  • Torfinn Sunnarvik, Eikefjord
  • Ragnar Ulstein, Ålesund
  • Liv Ystaas, Voss
  • Aslaug Kvamsås Aa, Eikefjord
  • Bergen byarkiv, motstandsarkivet.
  • Norges Hjemmefrontmuseum
  • Statsarkivet i Bergen