Sigrid Moen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrid Moen (1802-1963) var sjukepleiar og motstandskvinne.
Foto: Ukjent

Sigrid Moen (fødd på Voss 8. september 1902, død i Bergen 11. januar 1952) var sjukepleiar og motstandskvinne. Ho arbeidde ved det psykiatriske sjukehuset Neevengården sjukehus i Bergen. Foreldra var Ragnhild Andersdotter Flatlandsmo og Knut Nilsen Fenne frå Voss. Sigrid Moen var ugift.

Våren 1944 arresterte tyskarane mange motstandsfolk i Bergen. Sigrid Moen følte seg utrygg for at også ho skulle bli oppdaga, og difor flykta ho til Voss. Ho meinte at ho sat på for mange opplysningar som tyskarane ville prøve å tvinge ut av henne om ho blei arrestert. På Voss var det også utrygt å vere, og med god hjelp flykta ho til morbroren Bernt Rimmen i tidlegare Eikefjord kommune i Sogn og Fjordane. Han plasserte henne i ei berghole som låg litt unna bygda, og der heldt ho til om dagen. Om natta gjekk ho til morbroren og laga seg mat. Eit par gonger var ho nær på å bli oppdaga av tyskarar som hadde rassia på garden. Ho heldt til i berghola det siste krigsåret.

Til denne tid har det vore uråd å finne ut om Sigrid Moen var knytta til Milorg. Ho kan ha arbeidd som såkalla «postkasse», dvs. at ho henta inn og sende vidare opplysningar som kunne vere til nytte for dei allierte i London. Det har heller ikkje vore muleg å finne ut om ho arbeidde for sabotasjeorganisasjonen Saborg/Bergen.

At det er vanskeleg å finne ut kva ho dreiv med, fortel at systemet med «celler» verka, dvs. at færrast muleg av dei som dreiv motstandsarbeid skulle ha kjennskap til kvarandre. I kjeldene finn ein heller ikkje noko om at ho var etterlyst. At ho aktivt formidla meldingar vidare, fortalde kollegaen hennar, Jannike Hundvebakken (1911- 2011). Ho fekk i oppdrag å hente illegale opplysningar til Sigrid Moen. Dei nærmaste i familien hennar har ikkje kjennskap til kva oppgåver ho hadde i motstandsrørsla. At ho var svært anonym, kan ha hindra at opplysningar om aktiviteten hennar er lite kjend.

Sigrid Moen kan ha samarbeidd med legar ved Haukeland sjukehus. Folk som kom i tyskarane sitt søkelys, blei av legar ved Haukeland skrivne inn på Neevengården der dei spela mentalt sjuke. Kanskje opererte ho og andre av helsepersonalet på dei to sjukehusa som ei lokal motstandsgruppe? 11. januar 1952 vart Sigrid Moen påkjørt ev ein buss og døydde av skadene.

Inngangen til berghola der Sigrid Moen heldt seg skjult for tyskarane
Foto: Odd Asle

.

Om motstandsarbeidet hennar i Bergen og flukta til Voss og Eikefjord kan ein lese om i Brynjar Svardals artikkel som ligg på kjeldearkivet: Kjeldearkiv: Brynjar Svardal: Kvinna i berghola på Rimma.

Kjelder og litteratur