Kjeldearkiv:Langhørpe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen er henta frå Gamalt fraa Valdres av O K Ødegaard 1911, og handlar om nokre av dei eldste langeleikspelarane i Valdres.

Langhørpe (Langeleik).

av OK Ødegaard

Eit anna «nationalt» spel, so ha halde se meir i Valdres enn i noko anna bygdelag e spele paa langhørpe. No kallast langhørpe før de meste langeleik, so e eit nyare namn o brukast aresta'n okso. Men langhørpe e de gamle Valdresnamne o spele e eldgamalt i bygdn. Hona Berit Ormestad har enno ein langeleik, so e burtimot eit par hundre aar gamal o e høla ut or ein briske-strange, so ska vera vøksin paa Einebu, trast nora Ranisæte. No ha Einebu vore støl i hæltanna hundre aar, men før va de ein gar, o dei siste uppsitaradn der va tvær jento, so dei kalla Einebujentudn, o dei sko ha aatt denne leiken, o endaa'n ser kji so rar ut, so ha e kji høyrt nokon leik i bygden, so har so fint læte. Hellist so ska de ha vøre haugafølke, so ha lært følk te o laate paa langhørpe her i bygden, o de e vel dei, so ha lært nokon te o gjæra hørpudn okso, o vissa e de dei, so ha laate dei finaste laattadn fysste gaange. De e difør inkji so rart, at de inkji e i noko bygdalag de finst so mange fine hørpelaatta so i Valdres, o mange taa dei ha den namngjetne tonekunstnaren Lindemann skreve upp. Men de e so rart me di. Ner desse fine laattadn bli sette paa papir, so misse dei noko taa di finaste o mjukaste o bli likso noko meir stive o trehændte.

Taa dei langleikspelaro, so e ha kjendt te, ska e rekne upp ei nokre:

Ho Berit paa Pynte

Ho Berit paa Pynte — gamle Pynta — so dei kalla ho — va gjift me ho Andris paa Pynte, so va komin taa Skjefte i Hørisbygdn o va taa ætt`n hass Bjødna-Jakup. Dei budde paa ein liten plass eitte Pynten trasst synna før Ryføsse. De va kji rar heimsta'n dei hadde desse tvo, men jammen greide dei se sjele gøtt o vørto velstandsfolk paa dei turre sandhauge. — Han Andris va ein dugele skyttar, so va paa veidn ette bjødn o rein o røv o rjupo o alle dei villdyr, so te e, o daa baae sønidn hass, so okso eitte Andris, vøkso te, so vart de tryaa gjilde kara te gaa ette veidn paa Pynte. Men ho Berit va kji burte te tene pæing hona heldan. Ho spelte paa langhørpun baade heime o burte o fekk mang ein blank dalar før spele sitt. Ho va okso den beste nokon ha høyrt her i bygdn te o laate paa hørpa. —

Stundo to ho leiken me se o foor utpaa storbygdadn o ratt te by'n o spelte før storfølke; men o sumarn va ho Berit heime paa Pynte, o daa komm storfølke te henne. Pynten ligg i vegabradde o e so høvele kvilarsta før dei, so fara ette vege, o no laga de se rae solein, at vognmennadn laut kvile litevetta der o sjaa te o faa storfølke, dei sjussa, te o høyre paa ho Berit. Soleiss'n komm de baade engelsmenna o tyskara o fransmenna o svenska o danskera o mest alle følkeslag, so bu i vær'n, inn paa Pynte o fekk høyre spele, o so vanka de goe drykkjipæinga, ner dei gjekk att.

Hona Berit hadde eit sers lag te o faa vognmænnadn te o stanse, o hona va væl kjend me allo Lærdølo, so sjussa. Der komm baade «Flintn» o «Knippen», o han «Petter i Polle», o han «Storekristafør», o han «Otte-Jakup», o'n «Sjur», o'n «Sturteper, o'n «Ballar o han «Sylvhesttomas» o mange fleire, o ner dei daa kormmo inn me følke seno, so sa rae ho Berit: «Du Per ell Ola, du gløymde att kniven din, sisst du va her. E ha lagt`n uti klevaskaape, der kann du finne'n.» Men i skaape laag de ei liti flæske me ein brænnevinskvætt paa, o den fønno nok vognmennadn o trakterte se sjølve, mæa ho Berit spelte aat storfølke.;

Ho Berit hadde okso noko dokko so dansa, me ho spelte, o ein litn dokkefant, ho hadde, va sjele go te o danse halling. So søng ho Berit aattat: «Din lange fant, ko røtin du e,» o daa va de moro tytte fremmannfølke. —

No e de mange aar sia ho Berit spelte sisste laat`n sin, men før ho døydde, so let ho maalaren Werenskjold faa hørpa si, o e de kji noko anna rart ve denna hørpa, so e de sikkert, at de kji e noko «instrument» her i lande, so so mange følkeslag ha høyrt, so hørpa henne Berit paa Pynte. —

Han Trond i Bagnsbrøta.

Han Trond va langeleikspelar i sørre Aurdal o den besste, dei ha hatt der i bygdn, o han hadde okso noko dokkefanta o dokkefento, so dansa ette spele, o foor me desse o leike ikringo manga bygda o va mykji taahaldin før spele sitt. De e paalag 100 aar sia han va paa sit likaste te o spela (fødd 1766). Daa'n gifte se, so laut`n nok ta se noko anna fere attaat, o so vart'n klukkemakar o vognsnikkar o noko taa kort, o dugele va'n, te ko de va. O daa'n sto se gøtt me Vorherre attaat, so va'n kji ræddar taa se, enn daa præsten ba'n um de, so gjekk'n aat Bagnskjyrkjun seint ein kveld ette kalke o diske, so præsten hadde bruk før ei sta'n o kvældn. Men sia vart de slek skrik o leven paa kjyrkigare noko kvælda, at heile Bagnsbygde vørto mest vetskræmde, o mest alle meinte de, at de va han Trond, so hadde oroa nokon, o ingjin tørde gaa paa den leie, so kjyrkja va. O endele so laut dei faa'n Trond i vegen att, o ko gamal o krusslin han va, so stabba'n se daa ein kvæld burtaat kjyrkjegare o kravla over muren, — o daa treft`n tvo røve, so remje se o skreik. Han Trond fekk røvidn ut att paa følkevis, — o Bagnsbygde fekk søva. De gaar ei seign um, att`n Trond ei jønsøknatt hadde sete inni Tømmøskjyrkjun, o at de endaa inkji hadde gange hono gale. Lit`n o igtebrøtin hadd'n støtt vøre o paa slutte vart`n tunghøyrd okso; men leiken laut`n bruke. O ner'n skulde stemme'n, so beit`n i ein pinne o sætte nepaa'n, o so meinte'n, at solein laut leiken væra stemd. Følke paa Islandsmoe e taa ætt`n hass Trond, o den «musikalske» gaavo ha halde se i ætt`n ratt aat orgelspelare, so no e ve Bagnskjyrkja.

Ho Kari Rudi

døtte ette klukkare i Røn, han Øystein Rudi, so budde paa Braute, e okso makalaus go te bruke leiken. Ho ha fare mykji ikringo o spelt her i lande baade i by o bygd, o so reiste ho te Amerika o spelte der, o ska ha tent se sjele gøtt me spele seno. Ho va heimatt før nokre aar sia o daa førtælde ho, kosst ho hadde fare ikringo derburte o spelt.
Solein sa ho, at ho ei gaang hadde vøre i Duluth o gjort ein «job» — o sia ha ho gjort mange «jobba» i Amerika.

Han Jahas i Hølln

ifraa Vestringsbygdn i Aurdal er okso ein dugele langleikspelar. Han ha fare mykji ikringo her i lande o ratt inni Sveri o spelt, o de ha gange o baade illt o gøtt. No ha'n gjeve kronprinse den gamle leiken sin, o daa e de vel snaut nok, um'n kjem te spela so gøtt meir, so'n ha gjort før. —

Han Ola i Brænn

i sørre Aurdal o ei, eite Kari Rudi i øystre Slire e no taa dei besste langleikspelaro i Valdres, o de e mange unge, so ha lært se te o spela, so de e kji farle før, at spele døyr ut i bygdn; men de vilde væra bra, um dei la se noko meir ette noko taa dei gamle laatto, so haugofølke spelte den gaange, dei va te.

av OK Ødegaard