Kjeldearkiv:Norgesbrev fra Kåre Halle til Lars Halle 1956-04-09

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norgesbrev fra Kåre Halle til Lars Halle 1956-04-09
Konvolutt US philatelic 1925.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 1956–04–09
Fra sted: Møre og Romsdal, Gjemnes, Torvikbukt
Fra: Kåre Halle
Til: Lars Halle
Til sted: USA, California, Costa Mesa
Nr. i samling: 1953
Samling: Norgesbrev
Oppbevaringssted: Erna Lamvik
Tagger: Familieforhold, Helse og sykdom, matstell, lamming, vedhogst, skitur, feilvask
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kjære Far.

Du får ha takk for brevet. Det er lenge sidan eg skulle ha skrevi, men eg har vist ikkje nokon skrive-kløe.

Ja, du er vel på veg mot vestkysten no. Håpar det vert ein fin tur. Her heime er det på det gamle. Vi har det bra alle saman, untagen ho Synnøve da. Men vi får håpe at ho vert bra snart. Ho har vori bortpå Vollan i helga. Hos Marie Grenndal. Mor reiste til Trondheim i barndåp om laurdagen. Kjem vel heim tyrsdag. Ho tok hurtigruta. Så vi har vori heime å leine i helga, Elen, Liv, Sigrun og eg. Og eg har det og skryta av at det var eg som laga til middagen. Det var pølser og sviskersuppe. Merkeleg nokk vart det ikkje nokon osmak på maten heller, ho vart kanskje litt for tjukk suppa, men ho var like god for det.

Sauene har byrja ok lamma no. Vi har fått fire lamm, men så mista vi to. Det er Svart-sauen og ein till som ikkje har lamma enda. Svart-sauen har sikkert trillingar som vanleg. Ho Lenda veks og vert større og større. Eg har ikkje bruka ho noko serleg enda, berre ein og anna turen. Men ho er snill og køyra med. Ein gong eg var nedi bygda og henta mjøl, møtte vi tre bilar. Ho var litt redd den fyrste, men med dei andre gjikk det fint. Så ho vert vel når vi bruka ho litt. No har eg vori runt på gardane og kappa ved. Fyrst var eg innmed han Erling Ranheim, Johan, Alvin, Tron og Krestofer. Erling hadde vel ein Hundre meter. Alvin hadde noko lignandes han og. Og det vert ikkje så lite med pengar det, det er tretti kroner meteren og no. Vi har fått kappa veden heime og. Har byrja og hogga han inn og no. Når eg byrja og skjera tømmret, så må eg vel skjera noko 1½ tomms til ny låv-klopp. Eg veit ikkje om åsan må skiftas, det er vel ikkje så lenge sidan dei var skifta heller kanskje? Må no ha nytt "dekke" i alle tillfelle. Det er snart bart her no, så eg får vel pløya opp ta stykket så snart som råd, når det får tørka tu litt. Rolf har lova og koma og køyra ut gjødsla, så det går vel dersom det ikkje vert alt for blautt.

I påska var Arnfin Øverås, Per, Sverre og eg oppi Skorva. Det var fint ver dei to fyrste dagane, men resten var det berre regn og styggver. Ein av dagane vi var på skitur oppmed Reinsfjellet, skulle Per og eg "visa" oss vi. Og sette til langt oppi Reinsfjelldsida. Og det gjikk ikkje betre til det, då eg var mest nedkomen skar ho ut den eine skia. Og eg for på Hovudet, og gjikk rundt ein tre fire gonger før eg stoppa. Eg var no heil eg, men den eine skia var av. Då dei andre fortsette rundt Reinsfjelet, måtte eg renna ned til Skrova på ei ski eg, og laga til middagsmat til dei andre komm att. Eg spikra ho saman att soppas at eg kom meg heim.

Eg trur ikkje at det er så rott og kalt heller riktig, på verkstaden der Per og Alf arbeider. For Verkstaden låg i andre etarsie. Det var bil-garasie under.

Eg har prøvd Kappa di ja, og ho passar ganske bra. Denn kappa som eg hadde, vaska ho mor her ein dag, og da vart det så mange fargar på ho at eg kunne ikkje bruka ho lenger. Så du får ha mange takk. Men vert du ikkj[e] oppråd sjølv når du kje[m] heim da?

Vi skulle hatt ein ny båt ja, men det vert ikkje billig. Det vert vel ikkje langt i frå Femm hundre det tenkjer eg. Men han Elling Orset har ein som er mest ny. Kan hende vi hadd fått kjøpt den. Og da hadde vi vel fått han billigare og. Dersom han vil selja. Men det vert vel ikkje råd til det.

Helsing Kåre.