Kjeldearkiv:Norgesbrev fra Marie Tuftene 1923-04-08

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Kjeldearkiv:Norgesbrev fra Marie Tuftene 1923-04-08

Norgesbrev fra Marie Tuftene 1923-04-08
Konvolutt US philatelic 1925.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 1923–04–08
Fra sted: Telemark, Vinje
Fra: Marie Tuftene
Til: Alice
Til sted: USA
Nr. i samling: 1940
Samling: Norgesbrev
Oppbevaringssted: Øyvind T. Gulliksen
Tagger: hekling, brodering, treskjæring, tjeneste, turisthotell, foto
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kjære søskendebarn!

Takk for brevet eg fekk for ei stund sea og hjarteleg takk for det de sente. Det var rektigt fint det du hadde hekla og so veit du det var so moro aa faa gaave fraa Amerika. Eg driv ikkje større med aa hekkle eg, for eg likar ikkje so godt det arbeidi. Det er mest saume eg gjer. Hardanger saume brukar dei her i Vinje au. Men det er mest Telemark saume hell. Vinje saume som me kallar. Du veit vel at i Vinje brukar me og rosesaume heile draktine. Foresten brukar dei mest alleslags sauming hera. Engelskt broderi tykkjer eg au er fint.

Ja no hev me havt paaska med riktigt fint ver. Her er nokk stor snoe enno men vonar det er ikkje so lenge, for her vert taae vist dette fine veret vil vara ein tur.[?] Du spurde kva far dreiv paa med. Ja han driv med tre skjerar arbei og snikkar arbei og kva som høver. Me hev ikkje nokon gare som me eige no. Me hev aatt ein gar i Mo fyrr men so sellde me den for tri aar sea og so hev me ikkje kaupt vaar att gar enno.

Eg hev vore heime i vet og er det enno men no skal eg snart burt paa arbei at ein tur. Vaaksli heiter det der eg skal vera. Det er ein seks sju mil her fraa eg er heime. Det gjeng bilar um sumaren yver Haukli fjøll. Der eg skal vera er turist hotell so der vert nokso livleg vil eg vona. Me bur paa landet og der likar eg meg best au. Eg likar meg ikkje i byen.

Eg hev ikkje fotografi og sende denne venda hell eg men skal prøve til sumaren. Det er ikkje so godt og faa fotografere seg her uppe. Skal ein faa virkelege fotografi maa ein til byen og det er so skjella at eg er. Dei fotografia[?] som vert tekne her uppe vert so stygge att dei er ikkje noko sende so lang veg. Skal prøve til hausten og sende deg eit kvart med Vinje saum paa so du fær sjaa korleis den er laga. Hadde skult sent det no men hev ikkje havt stondir til aa sauma noko enna.

Ja so fær du liva godt daa og hels systrane dine og far din fraa oss alle men mest er du helsa fraa

Marie Tuftene Vinje øvre Telemark Norig. Skriv att snart er du snill. Tenk den 9-de mai er eg 17-aar.