Kjeldearkiv:Tusvikbygda ungdomslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tusvikbygda Samlingshus slik det ser ut i dag.
Foto: Jarle Tusvik
Skikkeleg koppestell måtte til. Som ein ser av teikninga på koppen, var det inngang på nedsida av bygget dei første åra.
Foto: Jarle Tusvik

Frå Årbok for Sykkylven 2015:

Sykkylven har enno nokre ungdomshus att. Det var eit stort løft å få reist desse samlingshusa og generasjonsmotsetnader kunne kome til overflata. Jarle Tusvik har granska protokollane og kan fortelje følgjande om Tusvikbygda Samlingshus:

Tusvikbygda Ungdomslag vart skipa i det gamle skulehuset, då kalla Tu skulehus. I referatet frå møte i Ungdomslaget den 23. januar 1921 kan vi lese: «Daa husspursmaalet vart heitt denne joli vart styre for ungdomslaget samankalla for å utarbeide reglar for bruk av eit samlingshus i lag med dei eldre. Dei reglar styre utarbeidde for bruk av huset er tilliks med andre ungdomshus med unnateke runddans. Reglane var framme i eit ungdomsmøte og vart godtekne. Likeeins gjeng dei eldre med paa kravi vaare. (Alfred Kjemphol, skrivar)

På møte i ungdomslaget den 25. oktober 1925 kom husspursmålet igjen opp. Det var fyrst tanken aa byggja i haust 1925, men daa tidene vende, og det saag ut til aa verta billigare aa byggja um me venta, vart planen utsett endaa ei tid. (Alfred Kjemphol, skrivar)

På første møte i 1926 var igjen husplanane oppe. Etter å ha sett paa ein del ferdige hus som var til salgs vart det mange og lange konferansar med byggmeister K.G. Hatlemark, som er expert til aa byggja samlingshus. Spursmaalet var fyrst um me skulde byggje av plankar, men enden paa konferansane vart at me skulde bruke røysverk. 16. oktober Medlemsfest i skulehuset. Sundag 17. oktober var det skalkefest. Det vart då vedteke at byggekomiteen skal få fullmakt til å setje i verk bygging av forsamlingshus når dei finn det for godt. Murane stod ferdige fraa fyr, og no var det med ein gong aa gaa laus på treverket. Arbeidet paa bygget gjekk med liv og lyst, og paa utruleg kort tid kunde me gleda oss til ein feit tekkjargraut, som gjentene spanderte og serverte på fabrikken. K.G. Hatlemark Trevarefabrikk. Etter paa grauten vart det ein livleg svingom på fabrikken. Det viste seg her, som andre stader med liknande byggjespursmaal, naar det fyrst vert alvor i leiken, fær ein hjelp, snarast her, snarast der. Til slutt var her berre tre tun som ikkje var med, so tilslutninga var betre enn nokon drøymde um. Det er godt aa ha eit maal aa arbeida mot, og det er gildt naar det er samhald, som det var her. Lat me so ikkje trøytna fyr huset vert ferdigt, det stend mykje att endaa; men me lyt take det etter som me vinn no. Men målet maa vera aa faa huset vent, innvendes som utvendes, og til slutt um at ungdomslaget maa trivast godt i eige hus. (Alfred Kjemphol, skrivar).

Om byggearbeidet hausten 1926

Etter at ungdomslaget på fleire møte og samkome hadde drøfta byggespørsmålet i saman med dei eldre i krinsen, utan å kome fram til praktisk løysing som kunne tilfredsstille begge partar, tok ungdomslaget initiativet og sette byggearbeidet i gang på eiga hand, og på eigen risiko. Det som skilde mest var dansespursmålet. Til byggekomite vart valde: Alfred Kjemphol, Alfred Våtmyr, Bjarne Tusvik og Jens J. Nordvik. Vara: Karl Blakstad og Johan Narvik. Då jula kom stod huset der, reinvaska og vent, høgt under taket og rikeleg med rom alle stader, og ungdomsflokken var so velnøgd og glad over arbeidet som var gjort, til hugnad og glede til seg sjølve og komande ungdom. (Alfred Kjemphol, skrivar.)

Gjenomføringa av byggverket: 19. oktober for nokre til Magerholm etter golvåsar. 22. oktober tok byggearbeidet til. 28. oktober var grinda oppe. 2. november kom det ei materialskute. 6. november vart det rupernelt. 11. november kom «Svanen» med over takstein. 13. november vart det tekkjargraut på fabrikken. Etterpå dans. 17. november var taket ferdig. 21. november kom ungdomen saman i skulehuset og diskuterte festane i jula. 28. november tok K.G. Hatlemark til med song. 12. desember vart det bestemt at åpningsfesten skal vere 2. joledag.

Innviingsfesten, sundag 26. desember 1926

Etter å ha sunge «Deilig er jorden» ynskte formannen i festnemnda, Alfred Kjemphol, folket velkomne til fest, den fyrste fest i vårt nye hus. So ga han ordet til sokneprest Rude som mana folk til meir samhald. At dei eldre og ungdomen hev same huset er det ideelle. Og det er ein fordel framfor at dei hev kvart sitt hus. So vart det song. Henrik Straumsheim tala om dei gode og dei vonde maktene i mannalivet. Etterpå spela «Lurlåt» frå Aure. Matykt. Ananias Fauske las upp og so vart det song av songlaget og Fauske fortalde soga til huset. Musikk. Bladet «Erla» vart lese av Leif Kjemphol, Karl Brunstad og Hans Tu. Til slutt var det ordet fritt, m.a. tala J. Fredriksen, lærar Karl Tandstad og Henrik Straumsheim. Den hyggjelege festen slutta i ett-tida um natta. 3. juledag 1927: K.G. Hatlemark hadde måla sceneutstyr som no var i bruk for fyrste gong. Det var godt måla.

På slutten av 1950-talet var huset bygd om. Nye murar vart sett opp og huset vart lyft og flytta over på dei nye murane. Her vart det plass til toalett, ny møtesal og nytt kjøkken. Det gamle inngangspartiet vart rive og nytt var bygt med inngang frå framsida, mot tidlegare på nedsida, slik det viser på bildet av Tusvikbygda Samlingshus sitt eige kaffiservise. Også då vart spørsmålet om dans eit heitt tema. Misjonsforeiningane i bygda skulle bruke den nye salen til misjonsmøte, og ungdomslaget gjorde avtale med misjonsfolket om at dersom det vart dansa i kjellaren, så skulle dansinga skje på sokkelesten.

Litteratur og kjelder

Frå Årbok for Sykkylven 2015: