Klara Marie Anfinsen (1913–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Klara Marie Anfinsen, frå Våre falne.

Klara Marie Anfinsen (fødd 5. november 1913 på Stord, død 20. april 1944 i Bergen) var husmor i Bergen, og eitt av ofra for eksplosjonen på Vågen.

Ho var dotter av Vilhelm Fredrik Ferdinand Thønning (f. 1854) og Helene Hansdatter (f. 1870), som budde i Leirvik på Stord.

Ho vart gift i 1936 i Bergen med motorbåtførar Robert Wilhelm Anfinsen (f. 1908). Dei fekk året etter ein son, Helge. I 1944 budde dei i Slottsgaten 7.

Den 20. april 1944 eksploderte eit farty lasta med sprengstoff på Vågen i Bergen. Klara Marie Anfinsen og sonen Helge var blant dei minst 154 som omkom i ulykka.

Litteratur og kjelder