Kleivgrend skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kleivgrend skule i Fyresdal kommune vart bygd 1867. Nedlagd som skule 1957 og er i 2011 grendehus.
I Fyresdal kommune er det ei rekke skulehus frå ulike tider og med ulik utforming. Ein type er laga slik at tømmerkassa er dela inn i eit stort rom (skulestove), og eit mindre rom i eine enden som igjen er dela i to slik at ein fekk ein gang inne i huset og eit rom for læraren.Av denne typen har vi gamle Hegglandsgrend 1863, Kleivgrend 1867, Valebjørg 1867 og gamle Åsland 1863. Dette er i samsvar med typeteikning av Binneballe henta frå Departementets typeteikningar.
Kleivgrend Grendelag nyttar no Kleivgrend skulehus som grendehus.
Kjelder
- Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.
- Mydland, Leidulf: «Skolehusene» i Fortidsvern 1/2007.