Knut Hoff (1912–1994)
Knut Hoff (fødd 16. juni 1912, død 15. april 1994)[1] var lærar, rektor, fylkesskolesjef, ordførar og lokalhistorikar.
Han vart fødd i Veggli i Rollag kommune, og foreldra hans var Kirsti Olsdotter Tveiten (1882–1938) og bonde, likningssekretær og trygdekasserar Ulrik Knutsson Hoff (1886–1963).[2][3]
Knut Hoff tok eksamen ved Notodden lærarskole i 1935[4] og examen artium 1943[5].
Han vart rektor ved Numedal folkehøgskole i 1951.[6] Han var fylkesskolesjef i Buskerud fram til han gjekk av med pensjon.[7]
Knut Hoff var aktiv lokalpolitikar og vart innvald i heradstyret i Rollag i 1945.[4] Han var ordførar i Rollag 1964–1965.[8]
Knut Hoff skreiv fleire lokalhistoriske arbeid. I 1981 gav han ut 75-årssoga til Numedal folkehøgskole Numedal folkehøgskole 75 år. Vegen frå amtsskole til folkehøgskole.
Etter at han vart pensjonist, arbeidde han med eit bygdeboksverk for Rollag kommune.[7] Han gjorde ferdig fire av fem band av dette verket før helsa svikta og han måtte gje opp arbeidet.[9] Det siste bandet vart skrive av Even Tråen.[10]
Knut Hoff fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1980.[11]
Referansar
- ↑ Knut Hoff i Døde 1951 - 2014 fra Digitalarkivet
- ↑ https://media.digitalarkivet.no/view/5567/28
- ↑ Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og grad og grend., bd. 2, s. 150
- ↑ 4,0 4,1 Norske skulefolk bd. 1, s. 607. Stavanger: Dreyer, 1952
- ↑ Studentene fra 1943, s.265 . Oslo 1968
- ↑ Hoff, Knut: Numedal folkehøgskole 75 år. Vegen frå amtsskole til folkehøgskole, s. 61. Rollag 1981
- ↑ 7,0 7,1 Aftenposten 16.6.1987
- ↑ Norske skolefolk, b.1, Dreyers forlag, 1966, s. 724
- ↑ Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend., bd. 4, s. 7
- ↑ Tråen, Even (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend., bd. 5
- ↑ https://www.kongehuset.no/tildelinger.html?tid=28028&sek=27995&person=&q=&aarstall=&type=27125&start=1600