Knut Olsson Hoftuft
Hopp til navigering
Hopp til søk
Knut Olsson Hoftuft (fødd 1851, død?) var ein av dei fyrste fotografane som var aktive i Valle i Setesdal. Han tok bilete der i 1870-åra.
Han kom frå bruket Syndre Hoftuft i Valle, og var son av Olav Drengsson Hoftuft (1815–1855) og Jorunn Knutsdotter Åmli (1819–1909). Han var den sjette ungen i ein syskenflokk på seks. Då han var fire år gamal, døydde faren i eit snøskred. Veslebroren Bjørgolv Olsson Hoftust var fødd same året som faren døydde.
I 1877 gifta han seg med Torbjørg Torsdotter Haugum. Kring 1880 reiste ekteparet til Amerika.
Hoftuft er representert i fotosamlingane til Valle folkebibliotek og Leonhard Jansen.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Knut Olsson Hoftuft på Digitalt museum.
- Knut Olsson Hoftuft på KulturNav.
- Knut Olsson Hoftuft i Historisk befolkningsregister.
- «Kulturskatt i Valle av gamle fotografi» i Fædrelandsvennen 1976-03-31. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Rynningen, Alfred: Valle kommune. 3-6 5 : Gards- og ættesoge Valle. Utg. Valle kommune. 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Rynningen, Alfred: Valle kommune. 10 : Utvandringi til Amerika. Utg. Valle kommune. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Knut Olsson Hoftuft er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|