Knut Strompdal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Knut Strompdal (fødd 1881 i Velfjord (no Brønnøy kommune), død 1954) var folkeminnesamlar.
Han hadde stipend frå universitetet for å samle folkeminne på Helgeland og i Namdal. I tretti år, frå 1923 til 1953, reiste han kvart år for å samle inn tradisjonsstoff. I Namdalen reiste han fleire gonger frå Nærøy i vest til Lierne i øst. Dei fleste kommunane på Helgeland vitja han fleire gonger.
I skriftserien til Norsk Folkeminnelag gav han i tida 1929–39 ut tre band med folkeminne, Gamalt frå Helgeland. Velfjord historielag gav ut ei samla utgåve i 1996, med føreord av Ivar Seip.
Kjelder og litteratur
- Vonheim, Herlaug: artikkel i Årbok for Helgeland 1998/99. Mosjøen 1998.
|