Kræmmerholmen handelsstad (Fedje gnr 169 bnr 109)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kræmmerholmen handelsstad
S336.169.109.Kræmmarholmen – Kopi.jpg
Kræmmerholmen handelsstad i 2021 med havstovene til venstre. Oppom ligg hus i Sulo.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 109
Adresse: Kremmarholmen 42

Kræmmerholmen handelsstad er eit kulturminne og ein næringseigedom i Fedje kommune.

1. Den gamle handelsstaden på Kremmarholmen vart skøytt til Foreningen for norske fortidsminnes bevaring i 1978, etter at tomta vart frådelt gnr 169 bnr 2 i 1977, sjå nr 5 der. Hovudbygningen vart sett opp her truleg på slutten av 1600-talet, og det vart drive handel og gjestgiveri her, sjå kapitlet om Kremmarholmen. Fortidsminneforeningen kosta nytt tak på huset. Tilbygget med krambua vart reist på 1800-talet, også det gamle naustet/saltebua. Naustet er forsterka i seinare tid, og det gamle blikktaket er bytt ut med skifer. Hovudhuset er òg restaurert.

2. Kræmmerholmen AS med Fedje kommune som initiativtakar fekk skøyte her i 1990. Huset vart restaurert og sett i stand og innreidd til serveringslokale. Den tidlegare krambua vart ombygd til eit moderne kjøkken. Selskapet starta restaurantdrift i 1991. I tilknyting til anlegget vart det bygd åtte havstover for overnatting i 1993, på gnr 169 bnr 136, sjå der, frådelt i 1992. Drifta slutta av i 2006.

3. Hans Helge Krossøy f. 1948 Minde i Bergen (jf Lindåsb. III s 613), sivilingeniør, g. 1973 m. Oddny Johanne Eltvik f. 1950 Bergen, førskulelærar, busette der. Skøyte i 2019. Det er ein fritidseigedom. Han var tidlegare aksjonær og frå 2003 eineeigar av Kræmmerholmen AS.

           Born: a. Kyrre Eltvik Krossøy f. 1975 d. 2015, bustad Bergen. b. Kim Andre Eltvik Krossøy f. 1979 g. 2006 m. Kathrine Wiik f. 1980 Nordås i Bergen, busette der, begge sivilingeniørar.


Fedje komm.svg Kræmmerholmen handelsstad (Fedje gnr 169 bnr 109) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Holmen (Fedje gnr 169 bnr 62) • Neste bolk: Kremmarholmen 24–38 (Fedje gnr 169 bnr 136)