Krigsseglarar frå Austevoll under andre verdskrigen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Av 35000 norske krigsseglarar som segla på alle hav i delar av eller under heile krigen, omkom 3638. 66 av desse krigsseglarane var frå øykommunen Austevoll, og av dei omkom ni. 31 av austevollingane vart utsette for forlis. 22 av forlisa gjaldt torpederingar, forlis under ulike omstende som kraftig uver, flyangrep, kollisjonar, minespreging og dødsulykke om bord. I tillegg vart eitt skip borda av raider og senka, og to sjømenn vart sette i japansk fangenskap. [1].

I tillegg til desse gjorde mange austevollingar teneste både på land og sjø: Som mannskap på den omfattande torpedobåttenesta og på fiskeskøyter som frakta flyktningar over Nordsjøen, mannskap på fraktefartøy på norskekysten, commando-soldatar, jagarflygarar, soldatar i den engelske og amerikanske hæren, i krigshandlingane i landet og motstandsarbeid av ulikt slag.

Krigsseglarane frå Austevoll [2]:

Namn Leveår Bustad
Edvard Arnesen 1907-1969 Hundvåkøy
Nils Olai Bakke 1905-1990 Storekalsøy
Leif Berntsen 1911-1979 Litlekalsøy
Ingolf Bjånesøy 1918-1995 Hauftarøy
Lars Olai Drivenes 1919-1990 Selbjørn
Konrad Drønen 1922-2002) Drøna
Lars Drønen 1916-1964 Drøna
Olaf Rasmussen Drønen 1911-1986 Drøna
Magne Dypevåg 1911-1996 Huftarøy
Monrad Dypevåg 1914-1989 Huftarøy
Oskar Dypevåg 1909-1943 Huftarøy
Hans Elholm 1901-1966 Huftarøy
Otto Ferkingstad 1911-2000 Stolmen
Johan Fjeldstad 1911-1998 Møkster
Leif Forland 1919-2010 Sandtorv
Erling Halstensen 1919-1982 Selbjørn
Hans Konrad N. Haukanes 1917-1944 Huftarøy
Arthur Haveland 1917-2001 Huftarøy
Karl Heimark 1914-1994 Huftarøy
Karl Johan Heimark 1914-1944 Huftarøy
Knut Heimark 1916-1987 Huftarøy
Selmer Horgen 1898-1982 Horgo
Johannes A. Johansen 1921-? Litlekalsøy
Johannes Johannessen 1922-2004 Litlekalsøy
Karl Johan Kalve 1916-2002 Storekalsøy
Nils Kalvenes 1917-1997 Huftarøy
Johannes Karlsen 1901-1969 Litlekalsøy
Mons Karlsen 1911-1974 Litlekalsøy
Leif Kolbeinshamn 1911-1969 Hundvåkøy
Johannes Nilsen Litlakalsøy 1919-1942 Litlekalsøy
Karl Nilsen Litlakalsøy 1923-1974 Litlekalsøy
Trygve Merkesdal 1919-2004 Huftarøy
Jørgen Melingen 1896-1977 Hundvåkøy
Harald H. Møgster 1916-1987 Huftarøy
Karl Møgster 1905-1963 Møkster
Sverre Conrad Møgster 1913-? Møkster
Ingolf Noven 1921-1978 Selbjørn
Ivar Noven 1914-1942 Selbjørn
Monrad Otterå 1920-2007 Huftarøy
Nils Sandtorv 1916-1946 Sandtorv
Torkel Skår 1907-1988 Hundvåkøy
Magnus Stenevik 1912-1940 Selbjørn
Arne R. Storebø 1923-2000 Huftarøy
Egil Storebø 1923-2000 Huftarøy
Hans Marius Storebø 1915-1940 Huftarøy
Ingvald Rasmussen Storebø 1917-1943 Huftarøy
Alfred Sætre 1916-1943 Selbjørn
Endre Søreide 1906-1986 Huftarøy
Oddmund Søreide 1919-2009 Huftarøy
Eirik Taranger 1888-1981 Hundvåkøy
Ivar Taranger 1912-1965 Hundvåkøy
Johannes Eriksen Taranger 1887-1942 Hundvåkøy
Karl Olai Taranger 1901-1967 Hundvåkøy
Lars Taranger 1917-1943 Hundvåkøy
Magne Eriksen Taranger 1917-1986 Hundvåkøy
Mons A. Troland 1906-1985 Hundvåkøy
Johannes Vinnes 1912-1950 Huftarøy
Magne Vinnes 1920-1949 Huftarøy
Hans Jakob Hansen Vaage 1918-199 Stolmen
Hans Vågen 1914-1996 Huftarøy
Johannes N. Waage 1919-1946 Stolmen
Rasmus N. Waage 1917-1989 Stolmen
Simon K. Waage 1912-1970 Stolmen
Tormod Østervold 1907-2004 Huftarøy
Gerhard J. Aarland 1906-1979 Stolmen
Samson M. Aarland 1891-1956 Stolmen

Noter

  1. Dyngvold og Hagenes 2015, s. 112
  2. Tabellen byggjer på Dyngvold og Hagenes 2015, s. 111-208 der alle krigsseglarane har fått si omtale


Kjelder og litteratur

  • Dyngvold, Finn: Krigen og Austevoll. Stord 1980. 146 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
  • Dyngvold, Finn og Trond Hagenes: Eit lite øysamfunn i Den store krigen 1939-45. Austevoll forlag AS. Storebø 2015. 394 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.