Krintovegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Krintovegen med Lifjell Hyttepark.
Foto: Roy Olsen (2018).

Krintovegen er ein hytteveg på Lifjell i i Midt-Telemark kommune. Han går vestover frå parkeringsplassen på Jønnbu til hyttegrenda «Lifjelltunet hyttepark», er kring 780 meter lang og ender i ei sløyfe blant hyttene.

Vegen blei namnsett i 2013 og har namn etter lokalitetane Krintorfjellet, Krintoliane og Krintokleiva som ligg rett nord for hyttegrenda.

Lifjelltunet Hyttepark ligg på 775 moh. og består av 50 utleigehytter og servicebygg med resepsjon og butikk.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Bø kommune, Plan, teknikk og næring, Sak nr. 102/13, 3. desember 2013.
  • Diverse nettstader.


Koordinater: 59.47628° N 9.00860° Ø