Kristian Halse (1858–1939)
Hopp til navigering
Hopp til søk
- For forfattaren og Venstrepolitikaren i Vefsn, sjå Kristian Halse (1926–2018).
Kristian Halse (1858–1939) var ein lærar, kyrkjesongar og tradisjonsinnsamlar frå Halsa i noverande Heim kommune, seinare òg busett i Todalen i Stangvik i noverande Surnadal kommune. Han er kjent for å ha samla inn folketonar frå Nordmøre, blant anna etter Gråvinn (Ola Kvande). Kristian Halse var far til læraren, forfattaren og spelmannen Leif Halse.
Folkemusik fraa Nordmøre
Bibliografi
- Halse, Kr.: Folkemusik fraa Nordmøre : 12 springarar, 4 brudemarsar, 2 hallingar, 1 vals, 1 visa og 1 salmetone : uppskrive av Kr. Halse. Volden : Gjærders Bok- og Notetrykk, 1907.
- [Eit notehefte med slåttar, hovudsakleg etter Ola Kvande; Julverset etter Kristoffer Norvik.]
- Halse, Kristian: Paa heimveg. Gudelege folketonar. Samla, rytmisk ordna og harmonisera for blanda songkor, orgel eller pianoforte. 4 hefte. 1923.
- Halse, Kristian: (Ymse hefte med arrangement av folketonar. 1908–1939)
Kjelder
Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227