Kristiania norske Theater

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kristiania Norske Theater»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå opningssesongen 1852. Stykket er «Snedkeren i Lifland» av Kotzebue. Samtidig teikning, ukjent kunstnar.

Kristiania norske Theater var namn på to ulike institusjonar. Den fyrste var i verksemd i perioden 1852-1863, den andre 1870-1872. Dei to teaterverksemdene heldt til i dei same lokala i Møllergata, og det var også på anna vis nær historisk samanheng mellom det fyrste og det andre norske teateret i hovudstaden.


Kristiania norske Theater 1852-1863

Det fyrste byrja som teaterskule, Den norske dramatiske Skole, som hadde elevframsyningar. Dette utvikla seg så til Kristiania Norske Theater i 1854, som seinare (1858/1859?) endra namn til Det norske Theater. Eit hovudmotiv bak føretaket var å fornorske scenespråket. Slik sett var det oppretta i motstrid til det allereie eksisterande Christiania Theater, der språket var dansk og dei fleste skodespelarane danske. Bruken av «K» i namnet på hovudstaden medan den offisielle skrivemåten framleis var Christiania, var ganske sikkert uttrykk for eit språkpolitisk standpunkt.

Kristiania Norske Theater er truleg mest kjent av di Henrik Ibsen var kunstnarisk leiar der i perioden 1857-1862. Mellom anna Ibsens eige Hærmændene paa Hælgeland, Bjørnsons Kong Sverre og Ivar Aasens Ervingen vart urframførde her.

Ein norsk teaterskule

Verksemda starta sommaren 1852 som eit tiltak for å gje opplæring til norske skodespelarar. Bakgrunnen for at dette skjedde nett da, var nokre forestillingar som medlemmer av Christiania Arbeiderforening hadde oppført den føregåande vinteren til inntekt for fengsla arbeidarleiarar etter Thrane-oppreisten. Framsyningane hadde foregått ved forlystelsessenteret Klingenberg. Tilstrøyminga hadde vore ganske stor frå det breie lag av folket, og det gav utsikter til at det kunne vere publikumsgrunnlag for eit nytt permanent teater i byen.[1]

Den fyrste tanken om tiltaket blir tilskriven trønderen Ragnvald Raum Klingenberg. Broren hans, premierløytnant Johannes Bendictus Klingenberg skal så ha sett planen om ein norsk dramatisk skole ut i livet.[2] Han skal ha blitt styrka i sitt forsett ved eit besøk ved Den Nationale Scene i Bergen, der han vart vonbroten over det unorske i repertoar og stil som han der opplevde.

Undervisninga hadde starta med 11 elevar, dei fleste med handverkarbakgrunn. Skulen vart driven av J. B. Klingenberg saman med slottsgartnar Martin Mortensen og skodespelar Jens Cronborg, sistnemnde som fagleg instruktør. Knud Knudsen, overlærar ved Christiania Katedralskole og hovudmannen bak fornorskingslinja i språkpolitikken, instruerte elevane i språkføring. Knudsen kom også med i styret. Skulen hadde dessutan eigen song- og musikklærar, italienskfødde Paolo Sperati.

Skulen og teateret heldt til i leigde lokale i Møllergata 1, i ein bygning frå 1847 som hadde hyst danselokalet Løven inntil teateret overtok. Bygningen låg på tomta der KFUM-bygningen står i dag (2011), nå med adresse Grubbegata 6.[3]

Støttespelarar og nasjonalt program

Plakat frå 1858. Original i Nasjonalbiblioteket.

I Norsk allkunnebok (artikkelforfattar Olav Dalgard) er det berre Knudsen av dei ovanståande som blir nemnd i samband med stiftinga av teateret. Derimot omtalar Dalgard to andre, nemleg Nikolai Ramm Østgaard og Marcus Jacob Monrad. Kva rolle dei to har spela i oppstarten, framgår ikkje klårt, men at dei var støttespelarar i åra frametter, er godt dokumentert. Østgaard sat i leiinga for teateret frå 1853 til han flytta frå hovudstaden i 1859. Han hadde nyleg gjort suksess med boka En Fjeldbygd, der han hadde nytta både bygdemål og fornorska vendingar i det normerte skriftspråket. M.J. Monrad var i 1851 blitt professor i filosofi, og var kjend som litteraturkritikar. Han var mellom anna med og vurderte repertoaret ved teateret. Til opninga av sesongen skreiv Monrad ein prolog som uttrykte teaterets nasjonale program, mellom anna slik:

Et norskt Theater er en gyldig Tanke
Saasandt der er et Folk, der kaldes norskt.
[…]
En Scene hvor sig Folkets Liv kan speile,
Og Sproget lyde i sin rette Malm.[4]

Av andre namn i krinsen rundt teateret kan nemnast pressemann og diktar Aa. O.Vinje, filologen, seinare professor C.R.Unger, litteraturhistorikar, pressemannen og skolemannen Hartvig Lassen og oberst Theodor Broch.

Namna blant støttespelarane demonstrerer at teateret neppe hadde noko samlande politisk program, iallfall ikkje noko radikalt såvore, ut over å motverke den danske dominansen i språk og kulturliv. Iallfall var både Monrad og Lassen kjende som markant konservative på andre samfunnsområde.

Skodespelarane

Dei fyrste som stod på scenen i det nye teateret i 1852 var altså lærlingar ved den dramatiske skole. Minst to av dei, Olsen og (den seinare fotograf) Daniel Georg Nyblin var med frå starten av og nesten heile perioden teateret var i verksemd. Av skodespelarnamn blir elles framheva Ole Bucher som ei drivande kraft, og dessutan Benedikte Hundevadt og «den nydelige unge mad[am] Døvle (tidligere j[om]fr[u]. Amalie Jacobsen)».[5] Ho vart gift med Døvle, som var ein einsleg akademikar blant spelekreftene. Andre namn er herrane Abelsted, Norberg, Olafsen, Strømsø og Wilse. Av kvinnelege skodespelarar utanom dei allereie nemnde kjenner vi til: jomfru Berg, jomfru Gloppen, jomfru Ehn og jomfru Wulf.

Økonomi og drift

Teateret var organisert som aksjeselskap. Aksjeteikninga foregjekk også ut over i landet, ikkje berre i hovudstaden. Det vart framstilt som ei nasjonal sak å støtte opp. I 1859 vart det innbode til subskripsjon for å finansiere kjøp av teaterbygningen som til da hadde vore leigd. (Det framgår ikkje av dei brukte kjeldene om kjøpet lykkast.)

Dei fyrste åra hadde publikumsopplsutninga vore etter måten stor, og økonomien tåleleg bra. Men vanskane tårna seg opp etter kvart. Situasjonen vart ikkje betre av at intern strid ved teateret, ikkje minst rivalisering mellom skodespelarane, gjorde det vanskeleg å få folk til å sitje i styret. Våren 1857 var styret innstilt på å stogge drifta. Ein redningskomite lykkast likevel i å halde oppe teateret, og det vart freista med ein ny giv med auka vekt på at «indretningen skulde virke som en selvstændig national skueplads».[6] Cronborg vart gjeven avskil, og Henrik Ibsen tilsett som «artistisk direktør».

Teateret gjekk konkurs og vart nedlagt i 1862. Mange av skodespelarane der gjekk da over til Christiania Theater.

Kristiania norske Theater 1870-1872

Det nye Kristiania Norske Theater gjekk berre i to eller tre sesongar 1870-1872. Det vart også kalla Møllergadens Theater. Også på anna vis enn når det gjeld det felles lokalet kan det karakteriserast som ei tilbakevending til det norske teateret frå 1850-åra.

Skipinga av teateret hadde bakgrunn i striden omkring det norske kontra det danske ved Christiania Theater. Etter at dei norskfødde og nasjonalt orienterte Bjørnstjerne Bjørnsson og Olaf Skavlan hadde vore sjefar der 1863-1869, vart det på nytt tilsett ein dansk sjef, Michael Brun. Det førde til at ein flokk av teaterets folk braut ut og starta opp att i teaterhuset i Møllergata. Det galdt mellom andre Laura og Sigvard Gundersen, Sofie Parelius, Hjalmar Hammer og Jens Selmer. Bjørnstjerne Bjørnson vart tilsett som fast instruktør/teatersjef.

Da Michael Brun måtte slutte i 1872, vende skodespelarane i Møllergata attende til Christiania Theater. Det gjekk lettare også fordi Hartvig Lassen, støttespelaren for det fyrste Kristiania norske Theater, nå vart tilsett som «æsthetisk konsulent og censor» ved Christiania Theater.

Kjelder og litteratur

  • Anker, Øyvind: Artikkel om N.R.Østgaard i Norsk biografisk leksikon (1933)
  • Dahl, Willy: Norges litteratur I: Tid og tekst 1814-1884. Oslo 1981.
  • Lund, Audhild: Henrik Ibsen og det norske teater 1857-1863. Oslo 1925.
  • Norsk allkunnebok (1956), oppslag Kristiania Norske Theater. (Olav Dalgard.)
  • Wikipedia, artikkel om Kristiania norske Theater.


Referansar

  1. Lund, A. 1925 side 3-4. Dahl, W. 1981 side 158.
  2. Lund, A. 1925 side 3
  3. Oslo byleksikon 5. utg. 2010, oppslag "Møllergata".
  4. Sitert frå Lund, A 1925 side 15.
  5. Lund, A. 1925 side 12. Alle namn og opplysningar om skodespelarane her er henta frå hennar arbeid.
  6. Lund, A. 1925 side 4-5.