Olaf Skavlan
Olaf Skavlan (fødd 1838 i Stranda, død 1891 i Kristiania) var litteraturhistorikar. Foreldra var sokneprest Aage Schavland og Gerhardine Pauline Bergh. Han gifta seg i 1879 med Dagmar Kielland (1855–1931). Han hadde 11 sysken, og mange i syskenflokken gjorde seg sterkt gjeldande i kultur- og samfunnslivet i tida (sjå t.d. artikkel om broren Einar Skavlan).
Han tok juridisk embetseksamen i 1861, men dei litterære interessene førte han etter kvart over i litteraturvitskapen. I 1871 vart han universitetsstipendiat i litteraturhistorie, og to år etter tok han doktorgraden på ei avhandling om Ludvig Holberg. I 1877 fekk han eit professorat i europeisk litteraturhistorie ved universitetet i Kristiania. Han forska særleg på Henrik Wergeland. Samlinga Henrik Wergeland. Afhandlinger og brudstykker vart utgjeven etter at han var død.
Heilt sidan ungdomen hadde han vore oppteken av satirisk dikting og gav ut nokre skodespel. Det som har hatt lengst etterliv er debutstykket, parodien Gildet paa Mærrahaug (1857). Han var venstremann og sentral da Dagbladet vart grunnlagt i 1869.
Kjelder og litteratur
- Sigurd Aa. Aarnes: artikkel i Norsk biografisk leksikon, bind 8. 2004.
- Olaf Skavlan i Historisk befolkningsregister
|