Kvensk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fra manuskriptet Kvænsk Stilebog, Ms. fol. 4310 i Nasjonalbibliotekets samlinger.

Kvensk (bokmål/nynorsk) eller kvænsk (eldre nynorsk), kvensk kainun kieli, er eit fellesnamn for austersjøfinske dialektar i Nord-Noreg som er mest nærskyldt med meänkieli (tornedalsfinsk), men òg relativt nærskyldt med standard finsk. Blant morsmålstalarane finst det både dei som føretrekkjer å sjå på kvensk som eit eige språk og dei som føretrekkjer å sjå på språket sitt som ein variant av standard finsk.

Kvensk er godkjent som eige språk av Stortinget etter vedtak den 26. april 2005. Som skriftspråk er kvensk normert av Kvensk språkting (etablert 2008). Kvensk har offisiell status som skriftspråk i Porsanger kommune (Porsangin komuuni, Porsanki). Det er óg eitt av dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg, verna etter den europeiske minoritetsspråkpakta. Det finst enno ikkje noko eige forvaltningsområde for kvensk språk

Talet på kvenskspråklege har gått ned, sidan det er få born som får kvensk som morsmål, og de eldre døyr ut. Kvensk institutt i Børselv arbeider for å gje nytt liv til språket.

Litteratur og kjelder