Kviteseid Avhaldslag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kviteseid Avhaldslag / Kviteseid Fråhaldslag blei skipa av Gunnar Haugestøyl, busett på Solberg i Kviteseid kommune i 1905. Haugestøyl fekk seinare Klostermedalja for sitt arbeid for fråhaldssaka.[1] Laget var eit lokallag av Det Norske Totalfråhaldsselskap.
I årsmeldinga for 1935 stod laget oppført med 15 lagslemer, og dei hadde heldt 6 møte i løpet av året.[2] Laget gav ut ei handskrivi lagsavis som heitte "Solvend". I følgje eldre katalog skal Kviteseid kommune ha bevarte utgåver av denne avisa frå perioden 1906-1943.[3]
Arkiv
Arkivet etter Kviteseid Avhaldslag er ordna ved IKA Kongsberg. Lenke til oppføring på arkivportalen.
Referansar
Kjelder
- Bakken, Olav, Gardsoga, Kviteseid, 1962. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- Nordstoga, Torvald, Sol gjeng upp - sol gjeng ned : trekk frå edruskapsarbeid i Telemark, Strømmen : Pro Anno forl., 1998. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- Olsen, Kåre, Katalog over foreningsarkiv innen avholdsbevegelsen, Norsk privatarkivinstitutt, Oslo : Norsk privatarkivinstitutt, 1985. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.