Kviteseid Skogeigarlag
Kviteseid Skogeigarlag blei stifta i 1903.
Historikk
Skogeigarane i Kviteseid ynskte å organisere tømmersalet på ein meir lønsam måte enn det eigarane kunne gjere einsmale.
Av den fyrste møteprotokollen kan ein lesa at Kviteseid skoglag vart stifta på Moen 24. februar 1903 av Halvor G. Kragenæs, Sv. Lønnegraff, Halvord Midtbøn, Olaf A. Bergland, T. Omtveit, Sigurd Kolltveit, Gunnar Sinnæs, Gunnar Flextveit, Tarjei Sinnæs, Bj. Tveit, Hans Lundevall, Kn. Laupedalen, G. P. Fladeland, Leif P. Midtsund, K. Sakkrissen, Halvord O. Lid, G. Skarprud og Hans Nordbø.
Lovane for Bratsberg amts skogselskap skulle vera gjeldande og styret skulle bestå av seks medlemmer. Fyrste formann i interimsstyret var Sv. Lønnegraff, informant (skrivar) var Gunnar Flextveit og kasserar Hans O. Lundevall. Hans Nordbø, Sigurd Kolltveit og Tallef Omtveit utgjorde resten av styret.
Den fyrste generalforsamlinga vart halden 30. mars same år og Gunnar Flextveit vart der vald som formann gjennom akklamasjon.
På 1930-talet skjedde det ei omveltning i infrastrukturen i Øvre Telemark. Tidlegare hadde vassvegen gjennom Telemarkskanalen med sideelver vore den naturlege fraktåra for tømmeret, men med utbygging av vegnettet og framskritta i bilindustrien fann ein snart at det vart meir lønsamt å organisere frakta på nye måtar.
29. mars 2001 vart laget slått saman med Vrådal Skogeigarlag og fekk namnet Kviteseid Skogeigarlag. Samanslåingsavtala vart signera av dei to formennene i laga, Ketil Øy og Magne Skarprud.
Arkiv
Arkivet etter Kviteseid Skogeigarlag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.