Kystkulturlaget i Vågsøy
Kystkulturlaget i Vågsøy er eit kystlag i Vågsøy, Kinn kommune i Nordfjord. Laget vart stifta som eit lag for å fremje kystkultur og kunnskap om trebåtar, og deltok i arrangementa før OL på Lillehammer i 1994. Kystkulturlaget i Vågsøy vart stifta 19. april 1995 som ei vidareføring av Vedvik Båtlag. Laget har som formål å bevare og oppretthalde tradisjoner som er knyttet til sjø og sjøbruk. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN og har om lag 50 medlemmer.
Laget prøver å presentere den gamle kystkulturen ved messer og tilstellinger i Vågsøy og omegn. Siden 1997 har dei vori eit fast innslag på Måløydagane, der dei sel tradisjonsmat som tørrsild, kams og fiskesuppe. Laget kjøpte i 2001 Starheimsbuda på Raudeberg. Denne vart sett i stand, og det er etter kvart innreda møtelokale/kafé på loftet i buda.
Kjelde
- Kystkulturlaget i Vågsøy sine heimesider. (daud lenkje pr. 2022)