Lærdalsøyri
Lærdalsøyri er ein tettstad og administrasjonssenter i Lærdal kommune i Sogn. Staden ligg ved botnen av Lærdalsfjorden, der Lærdalselvi renn ut i fjorden. Han var opphavleg ein marknadsplass for handel mellom fjellbygdene på Austlandet og sjøbygdene på Vestlandet. Det er omkring 1150 innbyggjarar i tettstaden (2012).
Eit bygningsmiljø frå 1700- og 1800-talet er bevart i tettstaden. Heile 161 bygningar ligg i verneområdet Gamle Lærdalsøyri, og to av dei er freda.
Det var i 1830- og 1840-åra planer om å gje Lærdalsøyri status som ladestad, og i 1842 vedtok Regjeringa å gje slik status til Lærdalsøyri, Haugesund og Namsos. Dette vart avvist i Odelstinget, så ingen av dei tre stadene vart ladestader. Dei to sistnemnde stadene fekk status som ladestader noko seinare, men Lærdalsøyri fekk det aldri. Det finst ei skildring av Lærdalsøyri sett utenfrå nett frå denne tida. Briten William Henry Breton var innom staden på sin reise i Sør-Noreg i 1834, og seier at Lærdalsøyri er «en samling usle hytter, men kan kalles en landsby. Den ligger innerst i en gren av Sognefjorden og er et skittent sted med en luft som på en varm dag er enda vemmeligere enn i en afrikansk landsby»[1]. Men om sjølve bygda ikkje fall i smak, var han imponert over naturen rundt Lærdalsøyri. Han klatra opp på et fjell i nærleiken, og seier at «utsynet var unektelig storartet.»[2].
Turisme og handel er dei viktigaste næringsvegane i Lærdalsøyri. Ein finn også nokre mindre industriforetak. Lærdal er ein av kommunane som ligg innafor verdsarvområdet «Vestnorsk fjordlandskap», og Lærdalsøyri er ein av dei viktigaste turiststadene i kommunen. Noko anna som trekk turistar er lakse- og sjøørrefisket i Lærdalselvi, som har vore populært sidan engelske turistar byrja å fiske der i 1850-åra. Norsk villakssenter held til i Lærdalsøyri.
Tidlegare var ferjetrafikken frå Lærdalsøyri til Kaupanger, Frønningen og Gudvangen viktig for kommunikasjonen i området, men etter at Lærdalstunnelen opna i 2000 er det ikkje lenger så mykje trafikk på desse strekningane.
Natt til søndag 20. januar 2014 vart tettstaden ramma av ein katastrofal brann, der 42 hus vart totalskadd. Av desse var 17 bolighus. Ein av bygningane var det freda bakeriet Synneva Eris hus frå 1840-åra. Det var også mange hus som fekk brann-, røyk- og vannskader. Ein må attende til storbrannen i Hemnesberget i 1923 for å finne ein brann i Noreg der fleire hus gjekk tapt.
Galleri
- Motiv frå Gamle Lærdalsøyri.Foto: Stig Rune Pedersen (1993)
Referanser
Kjelder
- Aftenposten.no: «Over 40 personer har blitt hjemløse i Lærdal» (publisert 20. januar 2014).
- 35 hus totalskadet etter brannen i Lærdal i VG (publisert 21. januar 2014)
- Lærdalsøyri på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Lærdalsøyri i Store norske leksikon
- Faktaark fra Kartverket finnes.
- Statistisk sentralbyrå: Tabell 1. Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012
- Lærdalsøyri som verneområde i Sogn og Fjordane fylkesleksikon (NRK)
- William Henry Breton: Gamle Norge : reisehåndbok anno 1834. Utg. Cappelen. Oslo. 1975. Digital versjon på Nettbiblioteket