Lærdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Lærdal kommune

Lærdal kommune
1422 Laerdal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4642
Fylke Vestland
Kommunesenter Lærdalsøyri
Areal 1342.47  km²
Areal land 1280.24  km²
Areal vann 62.23  km²
Folketall 2 153 (2018)
Grunnlagt 1838
Sammenslåing(er) 1964: Borgund og mindre område frå Årdal innlemma.
1992: Frønningen overført frå Leikanger
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Lærdal kommune ligg i Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane), og grensar til Årdal og Sogndal i nord, Vang og Hemsedal i aust, Ål og Hol i sør, Aurland i sørvest og Vik i vest. Administrasjonssenteret er tettstaden Lærdalsøyri.

Kommunen vart oppretta i 1964, då Borgund vart samanslegen med gamle Lærdal kommune.

Det er ein svak nedgang i folketalet; i perioden 2005–2015 gjekk det ned med 0,6 %.

I jordbruket dominerer husdyrhaldet. Kommunen har det største kornarealet i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, sjølv om dette berre utgjer omkring fem prosent av kommunens jordbruksareal. Turisme er ei viktig inntektskjelde.

Kjelder

Sjå også

Galleri