Løypestrengar i Austefjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Løypestrengar i Austefjorden (Volda) er eit oversyn over slike innretningar ein kjenner i dag.

Løypestrengar i Høydalen

Her skulle gjerne vore presentert full oversikt på Løypestrengar i Høydalen, men det er jammen ikkje lett. Tek her med frå «Ytre Høydalen». Kan ikkje hugse at eg har sett når dei var i bruk. Det var ein streng i Rabben, 62.05572° N 6.20865° Ø, den finn ein i terrenget, lett å sjå i Joledalsråsa. Ser ut som dimensjonen har vore om lag 5/16 tomme. På Øggarden var strammespel på eit par stader 62,05857° N 6,20685° Ø kart referansa til området er omlag då ein ikkje har funne strengfeste. Går ein nøye gjennom terrenget vil ein truleg finne restar av strengen opp i bakkane der. Vidare var det Løypestrengar i Bøstranda. Ein innom Storeklubben, 62.07555°° N 6.19994°° Ø og ein i området mellom Dekkja og Lissjeklubben 62.07480° N 6.20319° Ø.

Martinus H. Høydal, f. 09.03.1864, d. 29.01.1944, var i slutten på krigen i skogen å veda saman med drengen i området framanfor (sørom) Storeskredene. Då brukte dei løypestreng for å få vedastrongane ned frå dei bratte skogsidene. På eit eller anna vis vart Martinus fast i vedstrongen når dei hekta den på løypestrengen så han følgde med eit stykke før han datt ned. Annlaug Hjorthaug, f. 24.04.1938, fortel at han vart sengeliggande etter denne hendinga. Kor lenge veit me ikkje då tidspunkt for ulukka er ukjent. Annlaug var, som årstala viser, lita jente når dette hende men hugsar at han var blå på heile ryggen. Terenget der dette hende er bratt og vanskeleg med stor stein og det som me på dialekt kallar urahol.

Indre Høydalen, daglegtale innom elva, var det løypestrengar fleire stader. I Høydalsvikane var det to strengar frå mest same feste ved Vikesætra, «Brenderota», ein streng gjekk ned på Flotane og den andre midt ut i tuna i Høydalsvikane. Bruka i Høydalsvikane hadde slætte, område for slått, på austsida i Langedalen, heiter den dag i dag Vikeslætta. Derfrå hadde dei løypestreng til Vikelødene langt lavare og på vestsida av elva. Der hadde dei hesjar og turka graset og lagra høyet i hus til vinteren når det skulle køyrast heim. Det har nok vore fleire strengar serleg vedastrengar i skogsidene i Dalen. Vonar at ein kvan hugsar.

Taubaner

Ola Ødegård, f. 18.09.1911 d. 27.12.1978, bygde snikkarverkstad i Øvsteberget midt på 1940 talet. Han sette då opp ei taubane frå Reita nova og til Øvsteberget for å få støypesand til gards. Dei henta i alle fall noko av sanden i Espe haugen like ved brauta ned til sjøen. Køyrde med hest og kjerre fram til strengfeste på Reita nova og vidare med taubane opp til Øvsteberget. Det har nok vore arbeidsamt. I denne tida var det ikkje annan veg til Berget enn ei verkeleg bratt braut som ikkje var egna for tunge lass oppover. Vegbana var og berre stein, det var vel det einaste som heldt i bratta.

Sivert M. Høydal, f. 11-1.1901, d.10.10.1960, sette opp taubane frå tunet og opp på «Marafallet» for å transportere husdyrgjødsel opp til ein slåtteteig. Lengda på taubana var rundt 150 meter og gjekk til øvre kant på stykket. Nedst på stykket er ein hammar der var bukk for løypestrengen. Namnet «Marafallet» må vel ha samanheng med at ei merr har ramla utfor ein gong i tida. Siste åra vart ho avlinga (andre slått) teke ned med på strengen og lagt i silo. Fyrste slått vart då dregen ned på sloje.

Adolf Nygård, f. 14.08.1895 d. 26.06.1982, sette opp ei taubane for å få husdyrgjødselen mote bakke til areala som låg lenger sør i dalen. Brauta opp frå tunet var tung så lassa med hest vart små. Det er dette Adolf har funne å endre på når han laga taubane frå gjødselkjellaren og til svingen på Timbrebakken. Spelet stod på øvresida av vegen og når kassa med gjødsel kom opp var det eit slag på låsearmen, botnen opna og gjødselen vart liggande i ein haug på øvre vegkant så ny vende. Det tok vel noko tid men slik vart første etappe gjennomført. Neste var hest og vogn, lesse opp og køyre det dit det var tenkt. Dette var før vegane som er der i dag var ferdige.

Frå Flotane fremst i Langedalen var det taubane for varetransport til Osen, der Høydal Elektrisitetsverk bygde dam. Første taubana var av streng slik som vanlege løypestrengar, seinare vart det sett opp ny og då av vaier. Midt på 1950 talet og utover var den brukt til å transportere sementsekkar då betongplate på dammen vart støypt. Sementsekkane hadde hatt lang veg før dei kom til taubana. Fyrst med hest og kjerre frå bygda så langt det var råd vidare vart det kløvja med hest to sekkar, á 50 kg, i venda. Noko å tenkje på no når helikopter som regel er alternativet der det er veglaust.

Bilder

Løypestrengar i Follabygda

Håvika: Gnr 77. Der var fire bruk og nokre hadde vedastrengar i Håvikstranda i skogsmarka oppom gamlevegen. Om alle brukarane hadde streng er ikkje kjent til denne tid. Johangarden 77/2 hadde ein løypestreng ein stad fram i koppen for å ta ned skog som snøfonna hadde lagt ned. Dette var truleg ein gong på 1940/50 talet og det var berre i ei kort periode.

Nils Håvik skreiv 26.03.2017 om løypestreng i Håvika gnr 77/3 i Volda kommune.

Løypestreng - eit nyttig hjelpemiddel

Løypestreng var ein jarnstreng om lag 6 mm tjukk, strakt opp i bratte lier for løyping (nedfiring) av gras, ved og liknande. På brattlendte bruk på Vestlandet der det var vanskeleg å kome fram med hest og slede, var løypestrengen eit nyttig hjelpemiddel langt fram på 1900-talet.

På heimegarden vår i Håvika var ein slik løypestreng strakt opp gjennom ein vedteig i lia mellom Håvika og Vikestranda. Strengen vart teken ned først på 1950-talet då ei jordskifting endra eigedomsgrensene. Strengen var festa høgt oppe i ein hammar og hang fritt ned mot ein stor stein litt opp om den gamle bygdevegen. Nedre enden var festa på ein strammerull ved steinen. Eg hugsar berre ein gong eg var med og brukte denne strengen. Det var sommar og heile familien var med på arbeidet. Me hogde bjørk til ved, flekte never og bork av stammene, og bunta lauvkjerv av greinene. Nevra var til å tekkje hustak, borken til barking av nøter og garn, og lauvkjerva var ettertrakta sauefor om vintrane. Alt vart bunde saman i passande bører, desse vart hengde på strengen og løypt ned dit ein nådde dei med hest og slede. Eg hugsar me hadde eit knippe taulengder med jarnkrokar i enden laga for å hengje på strengen. Dersom ein frykta for at farta vart for stor, festa ein på ei bjørkegrein, denne virka som luftbrems. Alle var med på arbeidet etter evne; mor batt lauvkjerv, far flekte never og bork av stammene, og me ungane likte godt å skrape og ete bjørkesevje. Bestefar var nede ved strengenden og tok av løypebørene etter kvart. Slag på strengen var signal om at det var klart for neste sending. Me hadde med mat på arbeidsplassen, eg hugsar det var ein hyggedag.

På Vikestranda hadde dei og løypestreng. Denne enda inne i løda, hugsar eg. Eg veit dei brukte strengen når turrhøy skulle bergast i hus frå øvre delen av den bratte slåttemarka.

Slåttelida: Gnr 76. Dei hadde vedastrengar frå Lidakamben til ein stad i Håvik-koppn og til Gadden på den andre sida av Lidakamben.

Hamre: Gnr 75/1 og 2. Bruk 1 hadde vedastreng frå toppen av terenget oppom husa og til tunet. Begge bruka hadde taubane frå naustet og til tunet. Før det kom veg til Hamren var ferdsla til å frå garden med båt, og då ser ein nytta av ei taubane. Knut Hamre skreiv om løypestrengar og løyper:

Hamre hadde to løypestrengar.

75/1 sin streng er eldst. Etter at garden vart delt var det sett opp ein streng til for 75/2. Strengane var mest nytta til å transportere ved ned til tuna. Større strongar (sagtømmer) vart tekne ned på løyper (bratt skråning med berggrunn). På Hamre hadde vi tre slike løyper: Harald løypa,Store løypa og Nabbeløypa. Tømmeret vart frakta fram med handemakt eller med hest. Tømmeret sende dei oftast utfor då berget var islagt. Dei tok det att og drog det til sjøs. Dei drog tømmeret til sagbruk med båt.

Djuvika: 62.058616° N 6.301007° Ø og Botnen: 62.0644946° N 6.2835164° Ø Koordinatane er lagt inn på tunområda.

Løypestrengane i Djuvika, gnr. 71/1, og Botnen, gnr. 73/1, har Ragnar Høydalsvik, f.1948, laga ei oversikt på slik han hugsar det. Han har nummerert strengane frå 10 til 17, desse nummera finn ein att på kartet som ligg som bilde under dette avsnittet.

  • Streng nr. 10. Den er tegna på kartet slik den gjekk før utskiftinga på 50 talet. Den vart flytta lenger opp etter utskiftinga. Truleg brukt til ved og mold frå klovåsen for å dryge naturgjødsla.
  • Streng nr. 11. Slik eg hugsar vart denne strengen vart flytta frå trase nr. 12 til eit område under hamrane som etter kvart vart planta med gran i 1963/64. Strengen heng oppe men er ikkje driftsklar.
  • Streng nr. 12. Ragnar hugsar ikkje at den vart brukt men reknar med at det var til ved. Den vart flytta til nr. 11.
  • Streng nr. 13. Strengen gjekk frå Lemen, eit område med utmarkslette og til tunet på 71/1 Øvre Djuvik. Ragnar hugsar at han som gutunge på 50 talet var med når heile familien var på Lemen å slo. Dei hadde då med mat og var der heile dagen. Strengen vart flytta anten etter utskiftinga men i allefal når ny veg kom i 1959/60.
  • Streng 14. Denne strengen høyrer til gnr. 71/2 Nedre Djuvik. Gjekk frå Lemen frå mest same staden som streng nr. 13 og ned om løda på bruk 2. Brukt til ved og slått. Ned teken då ny veg vart bygd.
  • Streng 15. Den vart flytta frå trase 13. og gjekk ned i ein teig i stranda. Strengen var bratt og brukt til gras frå Lemen. Den datt ned etter ein vinter med mykje snø.

Botnen:

  • Streng 16 Øvste Botnen, gnr. 73/1. Strengen gjekk frå Bruna opp i Botnamarka, skogsteigen til br.1 og til løda. Etter at vegen kom har den no feste ovanfor vegen og den er i orden. Brukt til vedhogst.
  • Streng 17 Nedste Botnen, gnr. 73/2. Denne gjekk frå skogsteigen til Nedste Botnen og til ein eller annan stad ved løda. Den er nedteken og ligg samankveila ved Botnaelva ned om vegen.

Det vert fortalt at gutane som voks opp i 1930 åra hadde ein del moro med løypestrengen. Når dei gjekk på sætra fann dei ofte ut at dei skulle bruke strengen nedatt. Om dei har brukt ein krok og sett seg i stroppa er truleg, døtrene fortel at til kveldsforteljing fortalde faren om desse luftige turane på løypestrengen. Dei tok nevane fulle med høy til å bremse og så passa dei på å ha føtene føre så dei fekk ta i mot når dei hamna i lødeveggen.

Bilder Follabygda

Løypestrengar i Fyrde og Geitvikområdet

Det har sålangt vore vanskeleg å få sikre opplysningar, det er nemnt løypestrengar i Fyrdsberget og i Fyrdsvikane. Nerare informasjon manglar så langt. I «Blåfjellskredene» på austsida under «Blåfjellet» var det ein småbrukar frå Fyrde som hausta gras høgt opp i eit område kalla «Seglet». Han brukte to eller tre strengar for å få graset ned, det er fortalt litt om ymse måtar. Den fyrste frå der han slo og over på inste sida av Geitvikelva. Der vart graslasten lasta over på neste streng som kryssa elva ein gong til og enda ved ein kjerreveg på ystesida av elva. Det er også sagt at meising var brukt ved nokre høve. Geitvikdalen er trang med bratte dalsider så kreativ løysing trengdest nok. Gras som veks så høgt til fjells er rettnok kraftigt, men du store for ein insats.

Åselida Gnr 69 og Skaret Gnr 68, begge desse bruka hadde taubane som enda side om side ved gamlevegen i Bugen, Holsvika. Begge taubanene var oppsett tidleg i 1950 åra for å få mjølka frå garden ned til veg for vidare transport. Terrenget er slik at nokre berebukkar måtte til over diverse hindringar. I ei periode fekk begge gardane også posten til gards på taubana, dei hadde hengt på postkassa.

Når nyvegen rv. 651 frå Fyrde mot Straumshamn kom gjennom bygda måtte taubana sin nedste stasjon flyttast til oversida på nyvegen, endefeste som var laga då står ogso no i 2017. Det fortel om ei tidsperiode som er over. Mjølkeproduksjonen er også over på svert mange gardar i området, sjølv om det med dagens utstyr er langt mindre arbeidskrevjande.

I fyrste tida gjekk taubana i Åselida gjennom eit hjørne i løda og då stod dei på løde golvet når mjølkespanna vart plasert i korga på taubana. I 1963 vart det bygt ny løde i Åselida og då vart taubana flytt ut av løda.

I Åslida hadde dei ein vedastreng, den hadde nedre ende eit stykke vest om tunet på garden og gjekk til skogsområdet på Heidane.

I Skaret gjorde dei også endringar etter slik det var i 1950 åra. Øvste stasjon var på ystekanten i Skaret der det var fall til nedre stasjon. Det var ynskjeleg å få taubana heilt inntil mjølkerommet sjølv om det låg 10-15 m lågare og på motsett side av hovedtrasèn. I om lag 1965 fekk dei med diverse ordningar taubana dit dei ville, til mjølkeromet, sjølv om det var nokre episodar i byrjinga . Drifta var elektromotor og vendebrytar så også undankøyring gjekk kontrollert.

Rundt 1973 vart mjølka i Austefjorden henta med tankbil og då vart desse taubanene etter kvart rigga ned. Historiene lever endå - som t.d. han som kom frå ein lenger sauesankar tur og var dugeleg trøtt i føtene. Han sette seg i kassa opp i Skaret og sa: «slakk meg ned til vegen». So vart gjort og han kom heile ned.

Bilder Fyrde og Geitvikområdet

Løypestrengar på Nes og Langvatn

På Nes var løypestreng frå sætra Høgestøylen og ned på Reset. Så langt ein veit brukte Hjellbakkane same strengen. Karstein Nes, f. 10.07.1937, var med på dette. Yrkedagane kom sætretausene nedatt og var med i slåtten men mjølka sende dei ned på strengen til faste tider og med avtala signal. I helga gjekk dei ikkje nedatt i bygda men sende mjølka på løypestrengen, tomhylkja tok ein kvan med oppatt på søndag. Han fortel at alle gardane på Nes hadde vedastrengar frå skogtegane sine. Karstein hugsar at vedastrengen til heimegarden gjekk heilt ned til løda.

Reidulv Langvatn skriv om løypestrengar på heimegarden Langvatn:

Transportstrenger på Nes/Langvatn.

På oppmoding har eg prøvd å kartfeste transportstrenger i bygda vår. Det er strenger som for ymse slag transport. Dei fleste av desse kan eg hugse vart nytta. Men den eine var delvis nedfallen og av sliten då eg kunne observere den. Strenger som låg nede i marka var også fare for dyr som vart fastsnara. Kan hugse at eg ein gong kom over hesten Petter, til nabo Ivar Langvatn, som hadde snara strengen rundt ein fot og stod fast. Det gjekk lang tid før såret grodde og dette skjedde på ulagleg tid i slåtten. Strengen som hesten var fast i er vist som nr. 8. Men det var ei lukke at eg tilfeldigvis vandra i skogen og kom over den uheldige hesten.

Ei anna episode var under vedtransport på streng nr. 2 som var vår. Far var ved øvre ende og sende bjørkestokkane. Ein krok vart innslegen midt på stokken, som så vart hekta på strengen og sendt nedover. Farfar Rasmus var ved nedre ende og plukka av. Eg hadde fått oppdrag å følje med når stokken kom. Dette på grunn av at farfar hadde dårleg høyrsle og ikkje var nok oppmerksam. Eg var 10-11 år. Det var vinter og fin stålis på vatnet. Nabogut og kamerat Olav Langvatn kom også til. Det vart difor meir moro på isen. Jobben som vakt vart ikkje påpassa. Dermed skjedde det at ein vedstronge traff farfar i nakken/hovudet og slo han i bakken. Arbeide vart raskt avslutta. Ein blodut mann vart frakta heim att. Men heldigvis kom han seg til att. Men det som har undra meg i ettertid var at det vart inga straff på meg. Far var grei slik. Han hadde nok innsett at å legge slikt ansvar på ein 10-åring ikkje var rett.

Mitt søskenbarn Rolf i Volda, (seinare hjorteforskar og professor) var ofte på vitjing. Vi hadde elles ofte vitjing av familien deira. Far hans, Johan, var min farbror. Ein gon fann vi å skulle prøve steintransport på vedastrengen som enda i tunet vårt. Det var streng nr. 7. Vi tok med tau og krokar og gjekk til øvre strengende. Vi fann høvelege løftingsteinar surra på tau og hengde dei på strengen. Det gjekk lystig. Strengspelet i nedre ende låg like ved utedoet på tunet. I det vi hengde ein god stein på strengen og sleppte var farfar ferdig med sitt besøk på do og var på veg over tunet utan at vi oppdaga det. Steinen susa nedover small over spelet og tunet og deisa inn i løeveggen på nedre side av bilvegen. Det vart raskt slutt på leiken. Denne episoda fekk etterspel.

Kartfesting. (sjå kartbilde under artikkel)

Streng nr. 1. Dette var vedastreng som tilhøyrde Vindsåsen. (Johans Langvatn) Streng nr. 2. Denne strengen tilhøyrde vårt tun Olagarden og var for vedatransport. Streng nr. 3 Denne strengen som gjekk nokså langt opp mot brattfjellet var vedastreng for Inngardstunet (Hans og Mass Langvatn)

Streng nr. 4 Dette var streng til transport av mjølk få Langvassætra. Den var nok ca 1500-2000 m. Mjølkehylke vart påfeste noko lyng som skulle vere litt luftbrems. I nedre ende var opphengt ei pute med treramme på strengen. I denne var festa ei kjetting som nådde ned og låg langs marka. Denne skulle bremse mjølkehylket (mjølkespanna) så den ikkje blei skada i stoppsona. Dette gjekk vanlegvis greitt. Men stundom fall lyngbremsa og farta vart stor. Då kunne hylket bli kasta av og mjølka rann ut. Men strengen vart nok til stor lette for sætrejentene. Strengen vart senka ned på marka om vinteren. Men stundom gjorde snøfonna skade og stengen måtte repareast/sveisast. Ein kan lure på korleis ein slik streng kunne bli transportert opp gjennom fjellsida. Det som truleg skjedde er at den vart oppdelt i høvelege bører og boren opp. Strengen var så skøytt saman med skråfiling av endane og sveisa saman med spesielt limingstoff og samanbrent. Ei slags kjemisk sveising med tilhøyrande varme. Denne strengen vart nytta så lenge sætra vart brukt for mjølkekyr ca til 1947-49.

Streng nr. 5. Dette var streng som vart nytta til nedtransport av høy ,som var slått på fjellet. Det ligg enno igjen hesjestreng, slipestein, ljå, bryne under ein stor stein i området som vart nytta for høyslått. Dette er ca på høgde 550 moh. Strengen tilhøyrde vårt bruk (Olagarden) Eg har ikkje opplevd at denne vart nytta for høy . Men nedste deler av strengen vart seinare nytta for transport av ved. På slutten av 40-tale var far leiar for det lokale skyttarlaget. Det vart då laga ei 100 m –skytebane dette området. Ei kjempestor stein fungert som grav for markørane. Vedastrengen gjekk like bak blinkskivene, men noko høgare oppe. Ein av skyttarane som aldri traff skivevene greidde likevel å skyte av strengen som dermed fall ned. Den vart ikkje meir nytta.

Streng nr. 6. Dette er vedastreng til Erkegarden (Ivar Langvatn) Streng nr. 7. Vedastreng til vårt tun (Olagarden) Tilegare omskriven. Streng nr. 8. Streng for tiltransport av ved fram til enden av streng 7, med same eigar. Streng nr. 9 Streng for vedatransport til Ingarden (Hans Langvatn) Desse tre strengene kryssa einannan difor måtte dei høgdejusterast når dei skulle nyttast. Streng nr. 9 var høgst. Streng nr. 6 i mellom og streng nr. 7 var lågast. Men med grei internt samarbeid gjekk dette greidt.

Streng nr. 10 Streng for transport av mjølk få Nes-sætra (Høgestøylen) Det var truleg laga ei liknande ordning for oppbremsing som på Langvatn strengen Strengen starta like nedanfor sætra og enda på Nesreset (Riset) ( Der var det tidlegare tunet ti Rise-Andreas).

Bilder/kart Nes Langvatn


Sjå også: Løypestrengar og taubaner og Bruer i Høydalen

Kjelder

  • Einar Åslid, f. 1943 om Åselida
  • Ivar Skare, f. 1939 om Skare
  • Reidulv Langvatn, f. 1940 om Nes/Langvatn
  • Karstein Nes, f. 1937, etter hukommelsen når streng frå Høgestøylen var i bruk
  • Annlaug Hjorthaug f. 1938. Minne frå barndommen
  • Ragnar Høydalsvik, f. 1948 om Djuvik og Botnen
  • Kjell Hamre, f. 1946 om Hamre
  • Knut Hamre, f. 1945 om Hamre
  • Magnar Høydal, f. 1937 etter opplevingar og hugs frå oppveksten
  • Sverre Førde, f. 1943


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Løypestrengar i Austefjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.