L.P. Riksheim Treindustri AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

L.P. Riksheim Treindustri AS er ein trevareprodusent på Riksheim i Sykkylven, starta av Lars P. Riksheim (1919-96). Riksheim kjøpte første dreiebenken sin i 1939 og byrja med dreiing i kjellaren på bustadhuset sitt.

I 1945 sette han opp ei fabrikkbygning på 100 m2. Verksemda har vore utvida fleire gonger, siste gongen i 1975, slik at firmaet i 2013 disponerte om lag 1500 m2 produksjonslokale. Hovedproduksjonen har vore delleveransar til møbelindustrien, særleg stolbein.

For å gjere drifta meir allsidig har dei også produsert trimveggar. Dessutan rekkverk for trapper og altanar på bustadhus.

Selskapet har i mange år vore hovudleverandør av bjørk limtreplater til norsk møbelindustri. Spesialitet har vore bearbeiding av laminerte og heiltre komponentar til sittemøblar, kjøkken, stue og bad. I tillegg har bedrifta produsert plastdetaljar for reguleringsmekanismar og glidesystem.

L.P. Riksheim har eigarinteresser i sagbruk og fabrikk i Litauen. Bedrifta kjøper skog av den litauiske staten og har langsiktige leveringsavtalar. Dei mest tidkrevjande operasjonane, som saging, tørking, sortering og pussing, vert tekne i Litauen. Så blir treverket frakta til Sykkylven for datastyrt fresing, boring, sammensetting, lakkering og dermed kvalitetssikring av heile prosessen.

Frå sine lokale på Riksheim i Sykkylven leverer dagleg leiar Asbjørn Riksheim og hans medarbeidarar produkt til møbelindustri og innreiingsføremål. Ved hjelp av ordrestyrt produksjon og Kanban-systemet er det berre fem dagars leveringstid. For bedrifta er det ein styrke å ha hand om heile produksjonskjeda, frå stokk til produkt.


Kjelder

  • Jarle Tusvik. Upublisert manus om møbelbedriftene langs Sørestranda. Framført på gründerkveld i regi av Venneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter, Sykkylven 14.4.2013.
  • Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital versjonNettbiblioteket