Riksheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Riksheim
Alt. namn: Riksem
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Sykkylven
Gnr.: 36

Riksheim er ein gard (gnr. 36) i Sykkylven, på sørsida av Sykkylvsfjorden. Garden grensar mot Riksheimgjerde og Straumsheim i aust og Erstad i vest.

Namnet finst i kjelder frå kring år 1200 med dativforma Rikisheimi, og Oluf Rygh trur at første lekk kjem av gn. riki, som tyder makt eller gjævleik, og at namnet såleis tyder «ein stor, gjæv gard». Frå 1520 finn ein forma Rigesym, i 1603 Rigsem, i 1617 Rigsemb og sidan i lang tid Riksem eller Rixem. Overgangen frå Riksem til Riksheim gjekk parallelt med overgangen frå Strømsem til Strømsheim. Og Riksheim vart då einerådande, medan formene Strømsheim og Straumsheim enno konkurrerer som familienamn. Heim-endinga tyder på at begge desse gardane er gamle.

Tømmereksport

Riksheim ligg ved Sykkylvsfjorden, utanfor Riksheimgjerde og innanfor Erstad. Gjennom garden renn Riksheimelva, som i gammal tid dreiv sag og kvernar, og som etter temjing av fossen gir bygda elektrisk kraft.

Tømmereksporten først på 1600-talet er vel kjend. Kva tid den tok til er uvisst, men kva tid den slutta veit vi på året. Dei som dreiv saga måtte betale ei årleg avgift, 2 rd, og dessutan levere 1/10 av produksjonen, såkalla tiendebord, som vart selde og såleis omgjorde til skattepengar. T.d. vart 6 tylfter tiendebord i 1612-1613 selde for 4½ rd. I tida 1600-1640 varierte produksjonen frå 80 tylfter i 1611-1612 til 10 tylfter i slutten av 1620-åra. Det meste på 1630-talet var 40 tylfter. Men brått var det slutt. I 1640-41 var sagskatten 1 rd, men ingen på Riksheim saga noko det året. 1650-51: «Ringe bekkesaug som bønderne bruger til at forbedre deres huse med». (Bhl pk 118). I 1647 vart alle eigarane av Riksheim-saga stemnde for skuldig sagskatt, og då dei ved ny stemning i 1654 vart spurde kvifor dei ikkje hadde betalt, var svaret at «de havde aldeles ingen saugbrug uden dennem iblandt kunde skjære en fjæl eller to til husbehov av et tørt træ som dog neppelig er med stor besværing og umage udi fjeldene at bekomme, thi så stor mangel er der nu er på tømmerskog så de for den årsag ei kunde give saugskat. Det samme profet også en stor del udaf almuen.» (SSTb 1654).

I 1818 vart det oppført ei ny sag på Riksheim. Brukarane av dei tre hovudbruka åtte saga, som stod på deira eigen grunn ved Riksheimelva, på sørsida eit stykke frå sjøen, der lendet er heller flatt. Difor vart det lagt ned mykje arbeid på sagveita, som enno er godt synleg. I 1819 var der synfaring på saga. Då hadde dei søkt om løyve, men enno ikkje fått svar. Saga kunne berre drivast i flaumtida, og på sine eigne gardar hadde dei ikkje eit einaste tre til tømmer. Heller ikkje på grannegardane fanst det skog. Alt tømmer til å skjere måtte førast dit frå Borgund på den andre sida av Storfjorden, 1½ til 2 mil borte. Skurden, meinte dei kunne bli 10 tylfter årleg til ca. 40 spd.

Fiske

Også kvernane vart drivne med vasskraft frå elva. Av forliksprotokollen frå 1797 går det fram at brukarane på Straume og Straumgjerde også mol kornet sitt på Riksheim. Seinare kom andre til. Fram til 1910 var der 10 kvernar. På sørsida av elva, 100 m frå sjøen stod Tømmeskverna og Tandstad-kverna som Johannesgarden og Jakobgarden hadde i lag. Litt lenger oppe stod ei beinmylne.

Ved elva stod også Riksheim meieri som starta i 1897. Det var brukarane frå og med Tandstad og rundt fjorden til og med Erstad som var med i meierilaget.

Frå midten av 1600-talet har det for det meste vore tre hovudbruk på Riksheim. Nemnde med den lokale uttalen vart dei seinare kalla Krissen-garden (av mannsnamnet Kristen), Tømmesgarden (av mannsnamnet Tomas) og Pegarden (av Per eller Peder). Det gamle 3-manns-tunet låg fritt til oppe på ei høgd som strekkjer seg nedover med svak halling. Men noko nedanfor tunet er der ein bakke ned til flata ved fjorden. Dette er Løbakken. Derifrå er det god utsikt over fjorden, og der stod nok ein eller annan ofte på speiding etter silda. Både havfiske og heimefiske har vore viktige attåtnæringar for Riksheim, som har hatt mange særs dugande sjøfolk. I Romsdals Budstikke frå 1840 kan ein lese om ein fiskebåt frå Riksheim. «Den vandrende Lykke», reiste til Bergen med sild den 29. august. Om det var denne som forliste er uvisst. Men tradisjonen fortel at ei Riksheim-jakt ein gong på veg heimatt frå Bergen kappsigla med ei nordlandsjakt, forliste og miste heile farmen; det einaste dei hadde med seg til gards var vottene.

Riksheim Notlag var kjent for framifrå fiske og sjømannskap. Samanheng med notlaget har stadnamnet Bytningane. Når dei hadde brukt sildenota la dei til lands på neset innanfor notanaustet, tok fangsten på land og bytte lutane. Det var 23 mann som åtte nota, og mannslut og notalut vart lagde utover marka. Ein mann fekk bind for augo og ein annan gjekk og peika på ein og ein lut og spurde: «Kven skal ha denne?» Slik gjekk bytinga for seg og slik vart stadnamnet til.- Notlaget eksisterte heilt til 1917. Den 15. januar var det tillyst auksjon over naust og andre eignalutar utan at nokon baud på det. Men den 24. mai same året vart notlaget oppløyst og all eigedom seld for kr. 1784,73.

Plassemenn

Ved utskiftinga i midten av 1880-åra var det ingen som flytte ut, men tunet har vorte regulert noko seinare. Ein del av Krissengard-stova (gamlestova) vart flytt opp til ein husmann. Før utskiftinga av innmarka var slåttemarka teigbytt, men det var store teigar, noko som kan tyde på at der hadde vore ei utskifting tidlegare. Kvart bruk hadde eit samla stykke av den gamle åkeren på Fløten, som låg til sides og ned for tunet. Denne åkeren var skild frå slåttemarka ved eit gjerde. Når dei sleppte krøtera på bøen om hausten stengde dei ei grind i gjerdet og lét krøtera beite på slåttemarka inn mot Riksheimgjerde. Det var ikkje gjerdt mot Riksheimgjerde, og då det ikkje var sambeite mellom dei to gardane, måtte dei på Riksheimgjerde passe på å jage riksheimkrøtera vekk frå si mark. Det var først rundt siste århundre-skifte at det vart sett opp gard på bømarka mellom Riksheim og Riksheimgjerde. Mot Erstad har der vore hagard frå gammalt av. Teigen under Riksheim var eit slåttemarkstykke mellom Straumsheim og Riksheimgjerde. Der er ikkje minne om korleis Riksheim har fått det mark-stykket. Teigen rekk midtvegs opp til bøgarden. Der er ikkje sett opp gjerde mellom Teigen og Straumsheim.

Setermarka grensar mot setermarka til Midtgård, Hundeide og Gjævenes. Der er ikkje gjerde. På Riksheim-stølen var innhegna slåttemark med sams slått utan teigar, og seterhusa låg om kvarandre. Segna seier at Riksheim ein gong hadde vårseter på Straumsheim.

Det vart etter kvart nokså mange plassemenn på Riksheim, og eit kommunestyrevedtak som galdt dei, gjekk ut på at alle plassemenn som ikkje brukte matrikulert jord og som ikkje fekk stønad frå fattigstellet, skulle betale 12 skilling i året til skulekassa. I 1888 vart det vedteke at alle plassemenn med skyldsett jord skulle ta del i skulehushaldet og andre utgifter til skulen in natura med ¼ mot gardbrukarane. Då plassemennene protesterte mot dette gjorde heradstyret vedtak om at så lenge der var omgangsskule, skulle plassemenne betale for ein eller to dagar, og kvar dags skulehald vart sett til 25 øre.

Før siste krig vart det grave ein stor kanal på Riksheimmyrane av alle brukarane på Riksheim, slik at meir jord kunne dyrkast. I 1940 vart bøgarden flytt, og med det vart heile dei flate myrane lagt til innmarka. Alle brukarane tok då til med nydyrking.

Kraftverk og industri

Etter omgangsskuletida var Riksheim eigen skulekrins, saman med gardane Riksheimgjerde og Erstad. Kjøpekontrakta for skuletomta er datert 4. juni 1891 og truleg vart skulebygget reist og teke i bruk i 1892 eller 1893. I 1955, etter at det vart bygt ny skule i Tandstad krins, vart Riksheim skule lagt ned og elevane flytte til skulen i Straumgjerde. Riksheimskulen vart demontert og materialane låg i mange år vekkstua. I midten av 1990-åra tok nokre oppsitjarar på Riksheim initiativ til å setje opp att skulen for å kunne nytte han som samlingshus for krinsen. I 1996 starta gravearbeidet og fire år seinare var huset ferdig i det ytre.

Også Riksheim fekk sin del av industrireisinga i Sykkylven. Den første trevarefabrikken var Riksheim Trevarefabrikk. Etter krigen kom Lars P. Riksheim i gang med ei dreieverksemd. Grunnlaget for industrireisinga i Sykkylven var etableringa av Sykkylven kommunale kraftverk som vart bygt på Riksheim i 1918.

Kjelder

  • Ragnvald Gjævenes: Gardssoga for Sykkylven. Bd. 3. Sykkylven 1983.
  • Jens Petter Riksem: «Riksheim skule». Artikkel i Årbok for Sykkylven 2000.