International Society for Ethnology and Folklore

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

International Society for Ethnology and Folklore (SIEF) er ein fleirfagleg internasjonal organisasjon som er sentrert rundt fagfelta etnologi og folklore. SIEF vart skipa i 1964 etter ein kongress i Athen og tok over for la Commission des Arts et Traditions Populaires (CIAP).

Historie

I 1928 tok Folkeforbundet initiativ til å opprette la Commission des Arts et Traditions Populaires (CIAP) ved Congrès des arts populaires i Praha. Den andre verskrigen sette ein stoppar for dette internasjonale samarbeidet, men organisasjonen vart skipa på ny i 1945 på initiativet til generalsekretær for UNESCO, E. Foundoukidis, og formelt anerkjent i 1947 på generalforsamlinga i Paris same året.

Mellom 1961 og 1964 raste det ein strid i organisasjonen. Stridsemna var forståinga av relasjonane mellom etnologi og folklore, deira relasjonar til antropologi, om ein skal avgrense felta til Europa eller opne opp for heile verda og korleis ein skulle omtale felta. Resultatet av strida vart opprettinga av SIEF under ein folkloristkongress i Athen i september 1964.

Eksterne lenker

History of SIEF (siefhome.org)

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!