Lars Eirikson Brændefur
Lars Eirikson Brændefur (fødd 1855 i Hornindal, død 1946 i Nordfjordeid) var fotograf på Nordfjordeid fra 1873 til om lag 1900.
Han var son av Erik Larsen Brændefur og Ingeborg Olsdatter Seljeset, frå garden Brendefur i Hornindal. Han vart gift med Karolina Hansdatter Aasebestøl (født 1863). Gikk i lære i Ålesund som heilt ung. Alle platene hans vart kasta i 1957. Ved sidan av å vere fotograf var han bonde og ein særs dyktig spelemann.
Tippoldebarnet Trond Olav Flo har i ettertid funne 5-6 glassplater etter han, samt kamera og framkallingsutstyr. Bland platene var eit bilete av Lars Brændefurs bestefar, med same namn, tatt i 1878. I tillegg oppbevarast 329 glassplater hos Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
I folketellinga 1900 finn vi Lars Brændefur på slektsgarden i Horningdal. Han var da gardbrukar og sjølveigar, og budde i lag med kona Karoline og ni born født mellom 1881 og 1898. Kona og alle ungane var født i Eid.
Kilder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Lars Eriksen (Eirikson) Brendefur (Brændefur) på Digitalt museum.
- Lars Eriksen (Eirikson) Brendefur (Brændefur) på KulturNav
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Lars Eriksen Brændefur i Historisk befolkningsregister
![]() |
Lars Eirikson Brændefur er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |