Lars Knutson Espe
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lars Knutson Espe (fødd kring 1648, død kring 1725) var frå garden Snøtun i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var yngste son av Knut Andersson Snøtun.
Lars tok over som gardbrukar og leiglending på Espe kring 1681 og dreiv garden fram til 1715.
Han var kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1714-1716 i lag med sonen Halvor Larsson Espe.
Lars var gift to gonger. Med den fyrste kona (ukjend) fekk han fire born, og med Gunvor Clausdotter frå Hellegård fekk han eitt born:
- Christen Larsson (1676-1759), gardbrukar på Kjervik
- Mari Larsdotter (1679-1750), truleg gift til Marifjøra
- Martha Larsdotter (1685-1740), gardbrukarkone på Vamberg
- Knut Larsson (1685-1740), gardbrukar på Bolstad i Luster
- Halvor Larsson Espe (1692-1756), som tok over heimebruket
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 543. (Digital utgåve, NBdigital)