Lars Olson Hellegård

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Olson Hellegård (Åsen) (fødd kring 1666, gravlagd 15. juli 1736) var frå Sperla i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han var son av gardbrukar Ole Pederson Sperla og Britha Johnsdotter.

Lars vart kring 1690 gardbrukar og leiglending på Hellegård då han gifte seg med Martha Rasmusdotter, enkja etter den føregåande brukaren.

Lars var kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1711-1713.

Kring 1730 gifte så Lars seg med Anna Sjursdotter, enkja etter gardbrukar og tidlegare kyrkjeombodsmann Anders Olson Åsen. Lars flytte no til Åsen og vart gardbrukar her.

Lars hadde ingen born.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 191, 211 og 784.(digital utgåve, NBdigital)