Lars Tøgerson Snøtun

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Tøgerson Snøtun (Kronen) (døypt 21. august 1735, gravlagd 8. juni 1795) var frå garden Snøtun i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han var son av gardbrukar og lensmann Tøger Ottoson Snøtun. Han gifte seg kring 1762 med Kari Rasmusdotter frå Kruna, dotter av Rasmus Jensson Kruna. Lars og Kari vart på same tida brukarar på Nedre Myklemyr. 11. juni 1791 fekk så Lars til ei makeskifteløysing slik at han overtok 2/3 av Kruna, og dei flytte då dit og dreiv garden til 1794.

Lars vart lensmann i Jostedalen i 1768 etter bror sin Otto Tøgerson Snøtun og hadde embetet til han døydde i 1795.

Lars og Kari fekk sju born i lag, mellom anna:

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 821. (Digital utgåve, NBdigital)


Forgjengar:
 Otto Tøgerson Snøtun 
Lensmenn i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Hans Arneson Urdahl