Lastein hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lastein hotell på midten av 1890-talet.

Lastein hotell blei bygd i 1860-åra av dampskipsføraren på «St. Olaf», Halvor Olsen (1819-1869). Hotellet låg på Dalen i Tokke kommune, omtrent der Lastein brygge ligg i dag.

Historikk

I 1852 byrja hjulbåten «St. Olaf» å gå i rute frå Strengen til Dalen. Kapteinen på båten, Halvor Olsen, busette seg på Dalen og fekk bygd eit større hus der han tok i mot dei reisande. Halvor døydde alt i 1869, og då tok sonen Olav over huset. Han bygde eit større hotell over to etasjar med tjuge gjesterom. I samtida var dette eit moderne hotell med innlagt vatn i både kjøkken og kjellar. Hotellet har hatt fleire namn; både Ladesten, Lastein og Tokedalens hotel med ein og to k'ar.[1]

Referansar

  1. "Tokkedalens hotell", 1992-93, s. 89.

Kjelder

  • Bakken, Olav, Lårdalsoga, Dalen, Sogenemnda for Lårdal, 1978. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • "Tokkedalens hotell" i Tokke historielag, årsskrift 1992-93, Dalen, 1993.