Liatun (Fedje gnr 172 bnr 149)
Liatun | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 172 |
Bnr: | 149 |
Adresse: | Banevegen 16 |
Liatun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
1. Linda Nordby f. 1959 Stormark (gnr 172 bnr 117-la), fiskeindustriarb., g. 1977 m. Sverre Lie f. 1956 Bergen, vedlikehaldsarb. (brorson til Aase Borge, Stormark gnr 172 bnr 5-4, og bror til Ada Tine Hærøy, Stormark gnr 172 bnr 138-1). Skøyte 1979 på tomt frådelt gnr 172 bnr 13 same året. Huset vart bygd i 1981.
Born: a. Astrid Elisabeth Lie f. 1977, bustad Svena (gnr 168 bnr 345-2). b. Sverre Lie f. 1982, sjå 2 nedanfor. c. Kjell Tore Lie f. 1984 g. 2011 m. Kristine Vegem f. 1986 Sandefjord, busette der etter å ha budd i Alversund, Lindås. d. Lena-Therese Lie f. 1991, fotografmeister, bustad Åsane i Bergen.
Ekteskapet oppløyst. Linda, helsefagarbeidar, g. 2008 m. Einar Olav Natvik f. 1958 Årdalstangen i Årdal, busette der.
2. Sverre Lie f. 1982 på dette bruket (1b) g. 2018 m. Älis Tattar f. 1979 Estland, bustad Rong i Øygarden, flytta hit til Stormark i 2022.
Barn: a. Brage Lie f. 2020.
Liatun (Fedje gnr 172 bnr 149) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Lynghaug (Fedje gnr 172 bnr 148) • Neste bolk: Myrhaug (Fedje gnr 172 bnr 153) |