Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2010-37
Skogssamar (nynorsk; bokmål/svensk skogssamer, dansk skovsamer) er samar som held til i skogslandet heile året og som altså ikkje flyttar opp til fjella om sommaren eller vinteren, i motsetning til fjellsamar. I praksis blir namnet bruka i samband med svenske og finske område; de norske samane med liknande levevis blir oftast kalla sjøsamar (og tidligare sjøfinnar eller bufinnar). I historisk tid har det funnest skogssamar i alle fall frå nordre Ångermanland og nordover i Sverige. Dei to sørligaste lappmarkene, Åsele og Lycksele lappmark, omfatta føre 1606 ikkje fjellområdet, men berre reint skogssamiske område. Det same galdt Kemi lappmark i noverande Finland. I dei andre lappmarkene fanst skogssamar innafor heile skogslandet. Skogssamane i Kemi, Åsele og Lycksele lappmarker vart assimilert i den finske og svenske befolkninga i løpet av 1600-, 1700- og 1800-talet. Idag finst ein levande skogssamisk kultur innom skogslandet i Norrbottens län, og i tillegg i Malå i Västerbottens län. Les mer...