Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-1
Arstun er eit bruksnamn og appellativ som har vori brukt på Romerike, i Sør-Hedmark, østfoldbygda Rømskauen og den nordvestre delen av Värmland. Arstun er framleis levande som appellativ på Romerike, og brukast oftast i tydinga nabogarden eller nabohuset. Ordet er ei samansetning av andre stova, der fyrste leddet er rekkjetalet andre, og der hovudleddet er ordet stove (f.). Tydinga kan samanliknas med det peikande pronomenet hin, som òg kan tyde den andre av to. Med ei slik tyding blir ordet òg gjensidig, alt etter kor ein sit eller står. Fra gammalt av ser det ut til at der ein gard har vori delt i to eller fleire bruk, har ein brukt Arstun om einannan, ofte med utmerkingsledd som Oppi eller Neri. Framleis finn ein den appellative bruken om gardsbruk på Romerike, men i dei fleste høva har Arstun stivna. Les mer...