Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-16
Hopp til navigering
Hopp til søk
Alexander Bugge (fødd i Kristiania 30. desember 1870, død i København 24. desember 1929) var historikar. Han var professor ved universitetet i Kristiania 1903-1912, deretter statsstipendiat. Dei faglege spesialfelta hans var vikingtidssamfunnet og mellomalderen, med vekt på handels-, skipsfarts-, og byhistorie, og dessutan eldre busetjingshistorie. Ved sida av fleire betydningsfulle vitskaplege avhandlingar skreiv han populærvitskaplege historiske framstillingar, og han var ein etterspurd foredragshaldar. Bugge var blant dei akademikarane som engasjerte seg sterkt i den lokalhistoriske rørsla tidleg på 1900-talet. Mellom anna skreiv han gards- og ættesoge for Våler i Solør.Les mer...