Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-18
Hopp til navigering
Hopp til søk
Aagot Noss (fødd 9. oktober 1924 på Ål i Hallingdal, død 5. april 2015 i Oslo) var ein nestor innan folkedraktforskinga her til lands og utmerka seg også internasjonalt. I nesten førti år var ho konservator ved Norsk Folkemuseum, og i desse åra dreiv ho eit omfattande redningsarbeid for folkedraktene og tradisjonane rundt dei. Ho samla, teikna, fotograferte, filma og katalogiserte, men ho presenterte også materialet i talrike artiklar og bøker, foredrag og utstillingar. Få, om nokon, hadde breiare og djupare kunnskap om norske folkedrakter enn ho.Les mer...