Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2016-22

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Snowshoe Thompson fotografert i USA.
Foto: Ukjent

Snowshoe Thompson (1827-1876) - fødd som Jon Torsteinson Rue i Tinn Austbygd – er tvillaust den av alle utvandra tinndølar som har blitt mest berømt i USA. Etter nokre år i USA endra han namnet sitt til John A. Thompson og vart etter skibragdene sine seinare mest kjend som Snowshoe Thompson. I statane California og Nevada er det reist ei rekke minnesmerke og teksttavler til ære for «the mailman and Hero of the Sierra» og området rundt olympiastaden Squaw Valley vart vedtatt å skulle kallast Snowshoe Thompson State Park. Han er truleg den einaste tinndøl som har fått minneord i New York Times ved sin død, og som har blitt heidra med helsing frå president Gerald Ford og guvernør Ronald Reagan på hundreårsdagen for sin bortgang.Les mer...