Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2016-25

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nyeskulen i Skifjorden.
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Bjørnestad krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1861 gardane Bjørnestad, Rutle, Teige og Trausdalen. I 1864-1867 går Trausdalen i Ulvik krins, før garden går tilbake til Bjørnestad krins i 1867. I 1893 kom det ny krinsregulering, Seljevoll og Myklebust vart flytta frå Bordvik krins til Bjørnestad og Trausdalen vart på ny overført til Ulvik krins. Bjørnestad krins bestod av desse gardane frå 1893-1932: Seljevoll, Myklebust, Bjørnestad, Rutle og Teige. Den tida det var skule i bedehuset, var det todelt skule; småskulen og storskulen gjekk på skule annankvar dag.

Bestefar til Gunvor Risnes var lærar. Gunvor var eldste born på garden då bestefaren skulte, og ho syns det var svære greier når borna kom på garden for å bli undervist. Gunvor fekk lov å vere med så lenge ho sat stilt i ro.Les mer...