Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2020-42

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Joleik som barn, med mora Wanga og faren Albert.
Foto: Ukjend fotograf

Olav Joleik (fødd 22. februar 1907 i Lusambo i Kongo, død 23. september 1999 i Flora) var jordbruks- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita sunnfjordsbygd på det meste av 1900-talet. Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt akseptert og integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende han godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk.Les mer...