Olav Joleik
Olav Joleik (fødd 22. februar 1907 i Lusambo i Kongo, død 23. september 1999 i Flora) var jordbruks- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita sunnfjordsbygd på det meste av 1900-talet.
Bakgrunn og familie
Faren, Albert Joleik (1880-1968), var pressemann, offiser, bygdebokforfattar og gardbrukar. I åra 1905-1908 var han i teneste i Fristaten Kongo som offiser i kolonihæren til Kong Leopold II av Belgia. Mor til Olav, Wanga Djesa, er det lite og inkje av sikre opplysningar om i gjennomgådde kjelder. Namnet hennar blir her skrive som i kyrkjeboka til Oslo domkyrkje, der Olav vart døypt den 27. mars 1908.[1] Det namnet blir også brukt i Krigsseilerregisteret. Andre stader blir ho omtala som f.eks. Wanda Nesja.[2]
Da faren vende attende til Noreg fyrst på året 1908, hadde han Olav med seg, men ikkje Wanga. Guten vart plassert på ein barneheim ei stund, men han kom snart (1909) til besteforeldra sine, Susanne og Abraham Andersen, på garden Vassethola i Eikefjord. Der vart Olav oppfostra. Far hans gifta seg i 1912 med lærar Olaug Hjulstad og fekk 11 born i ekteskapet. Den familien budde fyrst lenge i Bergen, seinare i Naustdal i Sunnfjord, ikkje så langt frå Eikefjord. For Olav var besteforeldra «mor og far», faren og stemora «papa og mama».
Olav Joleik gifta seg i 1936 med Laura Oleanne Bjørnset (1904-1998). Dei fekk to born, fødde i 1936 og 1939. Familien slo seg ned på det veglause småbruket Uføreneset, i nærleiken av barndomsheimen hennar, ytst i Norddalsfjorden ved Florø. Der budde dei til ut i 1950-åra, da dei bygde seg nytt hus litt lettare tilgjengeleg ved Florøvegen.
Yrkesliv
Olav Joleik gjekk folkeskulen i Sunnarvik krins i heimbygda. I sekstenårsalderen gjekk han eit vinterkurs på Hordaland fagskule i Os, som var ein yrkesskule for metallarbeid og elektronikk.
Etter dette hjelpte han som før besteforeldra på garden, og tok seg elles arbeid med jorddyrking og tømmerhogging. Han var ivrig til å vere med i fiske. Det var både vinter- og vårsildfiske og brislingfiske om sommaren.
Frå 1937, året etter at han gifta seg og stifta familie, var Olav Joleik sjømann i utanriksfart. Han var ute da andre verdskrigen braut ut, og segla i den norske handelsflåten for Nortraship gjennom alle krigsåra. Han var med ved invasjonen i Frankrike. Han vart tildelt Krigsmedaljen og Haakon VIIs frihetsmedalje for innsatsen.[3]
Seinare år
Etter krigen dreiv Olav og familien småbruket, og Olav tok på seg ymse anna arbeid attåt, slik han hadde drive det tidlegare. Kring 1960 fekk han sukkersjuke. Til slutt vart han rullestolbunden, etter å ha amputert båe beina. Han budde dei siste 21 åra av sitt lange liv på Flora sjukeheim.
«Afrikanar» i Eikefjord
Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt akseptert og integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende han godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk.[4] Det let seg neppe heilt oppklare kva realitetar som måtte liggje bak dette.
Ein anekdote som også er knytta til Olav Joleik og det militære, er følgjande: Olav møtte til sesjon og stilte seg opp framfor bordet der rulleføraren sat. Da rulleføraren kikka opp frå papirhaugen og fekk auge på den svarte mannen, skvatt han og utbraut: «Hva i all verden vil De her?!» «Jau,» svara Olav høgt og frimodig på sunnfjordsk høgnorsk: « - eg vil verte stridsmann!»[5]
Referansar
- ↑ Kyrkjebok for Oslo domkyrkje.
- ↑ Hjå Lilleholt, K. (NBL) o.fl. stader.
- ↑ Olav Joleik i Krigsseilerregisteret
- ↑ Stegane, I. 2002 s. 275. Det blir referert til ein som var i det militære saman med Joleik, og historia blir stadfesta av Ottar Joleik, halvbroren til Olav, i eit radiointervju i NRK 12.4.1998.
- ↑ Fortalt av Kåre Lunden via Hans P. Hosar.
Kjelder og litteratur
- Krigsseilerregisteret
- Olav Joleik i Historisk befolkningsregister.
- Oslo domkirke, ministerialbok nr. 39, 1893-1932, s. 222.
- Lilleholt, Kåre: «Albert Joleik» i Norsk biografisk leksikon.
- Stegane, Idar: «Olav Joleik», i Bang, A. og Kjerland, K.A. (red) Nordmenn i Afrika – afrikanere i Norge. Fagbokforlaget/Vigmostad og Bjørke, Bergen 2002. Digital versjon på Nettbiblioteket.