Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2022-13
Hopp til navigering
Hopp til søk
Røldalsvegen, som den noverande gågata er ein del av, er den eldste hovudvegen gjennom Odda. Vegen starta ved sjøen på Almerket nordvest for kyrkja og gjekk strake vegen opp forbi dei flate bøane før han tok opp Tungebrekke, over Eidesmoen og opp i Eidesåsen.
Kyrkja har vore eit tyngdepunkt og avgjerande for kvar vegane i Odda har gått sidan 1200-talet. På Almerket eller Almenningen der kyrkja låg, hadde alle lov å gå i land. Almannavegen gjennom Odda-dalen førte difor til eller frå kyrkja og sjøen og hadde fri ferdsel for alle.Les mer...