Smakebiter fra artiklene
Iver Olsen. Bildet er trolig tatt omkring 1860.
Foto: Ukjent
Iver Olsen (født
6. juli 1804 på
Biri, død
12. juli 1869 i
Christiania) begynte livet som
husmannssønn på Biri og endte som brukseier og bedriftsgrunnlegger i Christiania. Han ble en kjent person i hovedstadens næringsliv, og var blant annet en av de første i landet som eide en dampmaskin. Han eide også eiendommen
Midtodden i Maridalen, som ble brukt som en slags fritidsbolig av familien og deres venner. Et ektepar fra Biri, Margrethe og Fredrik Christoffersen, bodde der som vertskap. I 1854 kjøpte han også en del av garden
Østre Grefsen. Sønnen
Iver Bredo Olsen overtok denne i 1882, og kjøpte også
Vestre Grefsen.
Les mer …
Nikolaus Mathias Gjelsvik (fødd den 11. april
1866 i
Askvoll,
Sunnfjord, død i
Oslo den 14. november
1938) var jurist og norskdomsforkjempar. Han var fyrst dosent (1897), så frå 1906 til 1936 professor i rettsvitskap ved
Universitetet i Oslo, og var ein framståande ekspert mellom anna i mellomfolkelege rettstilhøve. Han var rådgjevar under
Karlstad-forhandlingane under
unionsoppløysinga i 1905. Som norskdomsmann var Gjelsvik ein kraftfull organisator innan både målrørsla og den
frilynde ungdomsrørsla, og han blir rekna som grunnleggjaren av det nynorske rettsmålet. I 1930-åra markerte Gjelsvik seg med sterkt nasjonalistisk farga standpunkt i politiske spørsmål som forsvarssaka og
Grønlandssaka. Nikolaus Gjelsvik var fødd og oppvaksen på Sørgarden i grenda Gjelsvika i noverande Askvoll kommune. Denne delen var tidlegare
Vevring herad i Sogn og Fjordane fylke. Garden var den største garden i bygda, og etter måten stor i vestlandsk målestokk. Foreldra til Nikolaus Gjelsvik var gardbrukarparet Øystein Eirik Olavsson (1824-1880) frå Gjelsvik og Malene Andreasdotter (1833-1880) frå Selvik. Nikolaus vart altså med eitt slag foreldrelaus som 14-åring. Han var nummer seks av ein syskenflokk på ni.
Les mer …
Hovlandshuset i Odda har adressa Eitrheimsvegen 20. Dette er eit typisk hus for sveitserstilen i Odda sentrum. Det har listverk og pynt i kontrastfargar, og det merker seg ekstra godt ut med knekt hjørne og møne, - nesten som eit tårn, på det mest framtredande hjørnet. I dag (2022) finn vi Bjørg Frisørsalong bak hoveddøra her.
Eitrheimsvegen 20 er bygd i 1909 av ein privatperson og forretningsdrivande i Odda, Martin Hovland. Hovland og kona Barbro dreiv garveri. Eigedomen har gardsnr. 62, bruksnr. 3 i
Ullensvang kommune. Alle hus som har gardsnr. 62, ligg på mark som har tilhøyrt garden Bakke.
Les mer …